Astrid Underlid kjem med naudsynte refleksjonar i ein trongsynt debatt.

mm

Som stolt dotter av ein ekte og framleis oppegåande 68-ar, har eg alltid hatt eit hjarte som brenn for rettferd.

Å stå opp for alle som har det vanskeleg, er draumen min.

Å hakke laus på normer og samfunnsstrukturar som gjer det vanskeleg for menneske å finne si stemme, er målet mitt.

At alle menneske kan utrykkje seg fritt og leve ut draumen sin i eit samfunn bassert på tillit og kjærleik, er visjonen min.

Difor vil eg dele eit par tankar kring dagsaktuelle tema. Desse går igjen både i media, på jobb, i heimen og inni deg, gjer dei ikkje? Det personlege er politisk, og dynamikken mellom desse kontekstane er etter mi meining veldig spennande.

LES OGSÅ: – Kven avgjer at det er fridom å ta av seg klede?

Har du tenkt på at…
Rase er ein illusjon, ein konstruksjon og ei løgn.

Vi er alle søsken på jorda.

Menneske er ikkje åtskilt naturen slik vestleg filosofi har lært oss. Menneske er ein del av naturen.

Kvit feminisme er på ingen måte godt nok. Feministar finst overalt på jorda og med alle hudfargar.

NATO, Norge, Europa, USA og det vestlige media ignorerer ikkje-vestlege liv. 

Hue er også eit hovudplagg.

Eit hovudplagg har tusenvis av forskjellige funksjonar for tusenvis av forskjellige menneske.

Bibelen er minst like kvinneundertrykkjande som Koranen.

Mangfaldet blant muslimar er like stort som mangfaldet blant kristne.

Skeiv og homofil ikkje er synonym.

LES OGSÅ: Kom ut av skapet på Instagram for å sleppe bygdesnakk

Dei fire bokstavane LGBT kan på ingen måte representere alle menneske som bryt normer knytt til kjønn, kjærleik og seksualitet.

Skeiv teori er noko du bør google om punktet ovanfor ikkje gav 100 prosent meining for deg.

Å feile er like naturleg og viktig som å prøve.

Suksess er ein illusjon. Livet handlar ikkje om suksess. Livet handlar om å leve.

Det verste som har hendt oss kan vere starten på det beste som nokon gong vil skje. 

Det er ditt liv. Ditt liv, dine draumar, dine verdiar og din kvardag. Du har lov til å køyre ditt eige løp.

LES OGSÅ: «Det er på tide å skape ein elsk-kroppen-din-revolusjon»

Erfaring er grunnlaget for all visdom. Du har lov til å erfare usikkerheit, smerte og nederlag – det gjer vondt, men det gir visdom som ikkje kan målast i IQ.

Vi har berre ei moder jord. Ho tar vare på oss, og vi må ta vare på ho.

Normer er ofte noko drit og noko kvar og ein av oss bør reflektere over ved jamne mellomrom.
Strukturell undertrykking er eit problem. Om du dømmer folk på grunn av hudfarge, opphav, kjønn, legning, jobb eller kropp for å nemne noko – er du ein del av problemet.

Trakassering, mobbing og diskriminering er aldri greitt. Spesielt ikkje bak ryggen på folk.

Du har krafta i deg til å stå opp for deg sjølv. Du er sterk, og du fortener å bli sedd.

Du er god nok, og du kan endre verda.

Vi kan endre verda,
saman.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE