Nytt selskap skal ta norske bøker til kinolerretet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal ta norske bøker til kinolerretet

– Vi meiner det er mykje bra potensial i norsk litteratur som vi kan hjelpa til med å få ut, seier Kristin Emblem i selskapet til Dagens Næringsliv.

Ho eig selskapet saman med filmprodusent Guri Neby og filmregissør Morten Tyldum. Neby meiner dei kan hjelpa til med å lesa norske forfattarar på ein litt annan måte enn det forlaga har gjort til no.

– Svenskane har vore utruleg gode, til dømes Salomonsson Agency, som har fått til mykje med Jo Nesbø. Vi skal vera eit norsk alternativ, som arbeider meir spesifikt inn mot film, der vi allereie er etablerte, seier ho.

Ifølgje Dagens Næringsliv er Norse Code Agency det første norske selskapet som berre arbeider med sal av filmrettar. Denne veka signerte selskapet ein avtalte med det Aschehoug-eigde selskapet, Oslo Literary Agency, om å ta hand om og forvalte filmrettane til forfattarane deira.

Even Råkil, som er ansvarleg for sal av rettar i Oslo Literary Agency, ser fram til samarbeidet.

– Med dette samarbeidet blir avstanden til det norske og internasjonale filmmiljøet kortare og bøkene blir meir synlege i desse miljøa, seier han.

LES OGSÅ: Kongens nei er norsk Oscar-kandidat