Fjernar fordjupingsfag i valdtekt
No fjernar Politihøgskolen fordjupingsfaget i seksuelle overgrep og valdtekt for å vektleggje ei lik grunnutdanning for alle studentane.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fjernar fordjuping i valdtekt
TV 2 skriv at politihøgskulen til no har hatt ti fordjupingsfag studentane kan velje mellom, inkludert fag om valdtekt og overgrep. Frå i haust er det slutt på dette, og leiaren for den største etterforskingsgruppa på seksualbrotsverk i landet, Kari-Janne Lid, i oslopolitiet, er kritisk.
– Eg er uroa for at det å ta bort denne spesialiseringa i grunnutdanninga gjer at vi får enda større utfordringar med å rekruttere, seier Lid.
Politihøgskolen ønsker ei grunnutdanning med lik kompetanse blant alle studentane og har utvida undervisninga til eit meir omfattande fag der seksualbrotsverk er eit sentralt tema.
– Vi trur at ei slik omlegging absolutt vil gjere at den enkelte polititenestemann og -kvinne som kjem ut frå Politihøgskolen står enda betre rusta til å takle dei utfordringar ein møter i starten på ei etterforsking av denne type, seier viserektor Tor Tanke Holm.
I fjor granska Politidirektoratet kvaliteten på etterforskinga i valdtektssaker. Dei fan at jobben politiet gjorde hadde låg eller svært låg kvalitet i fire av ti saker. (©NPK)
LES OGSÅ: – Må snakke valdtekta i hjel