Nytt tilfelle av skrantesjuke

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Hallingdølen.

Det er snakk om ei simle som vart felt 10. september. Hallingdølen har ikkje fått stadfest kvar dyret vart felt, men det er på det reine at fellingskortet var skrive ut på ein jeger i Hol, og at hovudet vart levert inn i Hol. 

Fram til måndag hadde Veterinærinstituttet testa 559 villrein og 956 hjort og elg for CWD. Så langt var det berre registrert fire tilfelle av smitte, to reinsdyr i Nordfjella og to elgar i Trøndelag.

Det nye tilfellet av CWD vart først stadfest av avdelingsdirektør for helseovervaking ved Veterinærinstituttet, Jorunn Jarp. 

– Me er ikkje overraska over det nye funnet, men det er jo uheldig, seier ho til Nationen.

LES OGSÅ: Undersøkjer mystisk massedød

Avgrensa
Det er til no testa 257 reinsdyr i Nordfjella, og tre av desse synte seg altså å vera smitta. Dei to første dyra vart felt i Lærdal kommune. Hallingdølen får opplyst at det siste dyret vart felt i området mellom Fv50 Hol-Aurland og Rv52 Hemsedalsfjellet.

Veterinær Kåre Rudningen i Lærdal, som har stått for mykje av prøvetakinga i samband med CWD-kartlegginga, meiner det er positivt at det enno ikkje er påvist smitte sør for Fv50.

– Det betyr så langt at desse fjellområda er frie for smitte, og at det same gjeld Hardangervidda. Då kan me jo våge å håpe på at smitten er avgrensa til Nordfjella mellom desse to vegane, sjølv om det først er om eitt år eller to år at me kan seie noko meir sikkert.

Låg del
Rudningen konstaterer også delen smitta dyr ligg an til å koma under ein prosent. Dette er under eller på line med tal frå USA. Men der har det vorte registrert opp mot fem prosent i enkelte bestandar, og då er det gjerne snakk om oppdrett.

– Men me har mange uavklarte spørsmål når det gjeld rein. Dette er første gongen CWD er påvist på ein flokklevande art. Og det er ukjent terreng for oss. 

– Når reknar du med at ein kan samanfatte denne problematikken?

– Det er langt fram. For kvart svar me kan gi, dukkar det opp ti nye spørsmål.