– Eit lukketreff, seier Agnes Ravatn om omsetjar Rosie Hedger (28).

mm
Faktaboks

Agnes Ravatn

Fødd 8. februar 1983 i Ølen i Sunnhordland

Debuterte i 2007 med romanen Veke 53

Gav sist ut «sjølvhjelpsboka» Operasjon Sjølvdisiplin i 2014

Har arbeidd i vekeavisa Dag og Tid sidan 2008

Bur no i i Valevåg i Sunnhordland, der ho har flytta inn i nabohuset til Einar Økland og skriv portrettbok om forfattaren

Fugletribunalet

Gitt ut av Det norske samlaget i 2013

Vann både Ungdommens kritikerpris og P2-lytternes romanpris

Opplag på over 30 000 per i dag

Dramatisert av Det norske teatret med Marie Blokhus i hovudrolla

Rettane til boka er selt til sju land: Litauen, Russland, Danmark, Serbia, Tyskland og Tyrkia i tillegg til Storbritannia

Gitt ut på engelsk av Orenda Books september 2016 under tittelen The Bird Tribunal


LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg synest nesten den engelske utgåva verkar betre enn den norske, seier forfattar Agnes Ravatn. Denne månaden har 33-åringen vore i Storbritannia og lansert The Bird Tribunal, den engelske omsetjinga av Fugletribunalet.

Den prisvinnande romanen, som også har blitt dramatisert med stor suksess på Det Norske Teatret, er frå før omsett til russisk, tysk, serbisk og litauisk. No kan også engelskspråklege lesarar lesa den mørke historia om Allis som forlèt mann og jobb etter ein sexskandale og byrjar som hushjelp hos Sigurd, som bur einsam i eit hus i skogen.

Bakgrunn: Lanserer Fugletribunalet på engelsk

Skam, sårbarheit og soning
Om også dei britiske lesarane fell for boka, kan dei takka omsetjar Rosie Hedger (28).

– Eg er svært interessert i omgrepa skam, sårbarheit og soning, som ligg bak mykje av teksten. Agnes skriv intelligent og vittig, så det var skummelt å prøva å gjera verket hennar om til engelsk, men det var også det som pirra interessa mi i arbeidet, seier Hedger til Framtida.no.

Frå før har ho mellom anna omsett barneboka Elefantmannen av Mariangela Di Fiore og fleire kortare tekstar og utdrag, men Fugletribunalet er den første romanomsetjinga hennar. Skal me tru forfattaren sjølv, har ho lukkast godt.

– Rosie ser ut til å ha nærmast absolutt gehør for nyansar i språket og har fanga stemningane og det lågmælte dramaet perfekt. Det er ekstra imponerande at dette er den første romanen ho har omsett. Men den engelske forleggaren min fortel at ho tenkte på Rosie med éin gong. Eg meiner det er eit lukketreff, seier Agnes Ravatn, og legg til at ho allereie har fått mange begeistra tilbakemeldingar etter omsetjinga kom ut.

Les også: I fjor kåra Morgenbladet Agnes Ravatn til ein av dei ti beste forfattarane under 25

Fekk foto frå forfattaren
Hedger fortel at det ikkje berre var enkelt å jobba med Fugletribunalet.

– Ei særleg utfordring var skrivestilen, som har ein nesten andelaus kvalitet somme stader: Setningane er ofte veldig korte, eller dei kan starta utan pronomen, så utfordringa var å gjengi desse aspekta av stilen på måtar som ville fungera på engelsk, seier ho, og peikar i tillegg på stadskildringar som ei utfordring i omsetjinga.

– Mange britiske lesarar er ikkje kjente med slike omgjevnader som er veldig vanlege i Noreg, som fjellveggar, viker, naust, skogar og så vidare. Agnes svarte faktisk på nokre av spørsmåla mine ved å senda meg bilete for å hjelpa meg med å få desse sidene rett i omsetjinga.

Hedger har mastergrad i skandinaviske studium frå Universitetet i Edinburgh, og har i tillegg studert eitt år i Oslo.

Les også: 150 skuleelevar kåra Fugletribunalet til den beste boka i 2014!

Ville dela norsk litteratur
– Korleis vart du interessert i norsk språk og litteratur?

– Den første kontakten min med norsk var eit heldig uhell – eg tok språket som valfag det første året mitt på universitetet, ved sidan av engelsk litteratur og fransk, men eg likte det så godt at eg bytte studieprogram til skandinaviske studium, seier Hedger. I tillegg til bokmål og nynorsk studerte ho også svensk og dansk, eldre islandsk, samt eldre og nyare skandinavisk litteratur.

– Då eg budde i Noreg, syntest det å vera meir fokus på litteratur generelt – på radio og TV, i aviser, og til og med ute blant folk. Eg las haugevis av veldig gode, imponerande bøker, og eg blei gal av at eg ikkje kunne dela dei med vener og familie heime i Storbritannia. Det var nok der ideen om å arbeida med omsetjing stamma frå.

– Nynorsk har ein eigen rytme
– Du har omsett tekstar både frå nynorsk og bokmål. Korleis opplever du forskjellen?

– For meg er det som om nynorske tekstar har ein annan rytme; til å byrja med kan det ta litt tid før eg tilpassar meg det nye «tempoet». Då eg starta, var det heilt klart meir utfordrande for meg å jobba med nynorsk, fordi eg først og fremst lærte bokmål og budde ei stund i Oslo. Etter utdanninga arbeidde eg i Sverige eit år, noko som (ironisk nok!) var til stor hjelp for meg når det gjaldt nynorske tekstar. Eg vil tru at om lag ein tredel av tekstane eg omset no for tida er frå nynorsk.

– Trur du Fugletribunalet kan slå an blant engelskspråklege lesarar?

– Eg er veldig spent på å sjå korleis boka blir mottatt. Ho er marknadsført som krim/noir i Storbritannia, og eg håper krimlesarar vil lika henne, sjølv om romanen etter mitt syn er bygd opp annleis enn andre bøker i sjangeren – eg synest ho er meir introspektiv og langsam. Eg ser det som ei bok som flørtar med ei fleire sjangrar, utan at ho nødvendigvis høyrer til éin bestemt sjanger. Eg trur boka har mykje å gi til engelske lesarar.

Då me spurte Rosie etter hennar favorittutdrag frå boka, gav ho oss dette avsnittet:

«I bristled with palpable, prickling wrath, a combination of disgust at the mice and anger at the way he’d tricked me. I ran outside and across the garden, pulled the crowbar from the wall of the tool shed, returned inside and ran upstairs. I put all of my weight behind the crowbar and eventually the plank of wood gave way with a loud creak. There they were, in the insulation, nestled away like a mass of transparent, rosy-pink testicles. I shuddered, motionless, indecisive, unable to settle on a plan of action. The tiny clumps of skin squirmed slowly, silently, blindly squeaking in my direction. Should I burn them, bury them, execute them one by one – and if so, how? Using what? I didn’t know what options were available to me, each seemed uglier than the last.»

Den norske originalen lyd slik:

«Eg kjende eit slags fysisk kriblande raseri, ein kombinasjon av avsky overfor musene og sinne over å bli halden for narr av han. Eg sprang ut og over tunet, hekta kubeinet ned frå veggen i reiskapshuset, inn og opp trappene att. Eg la all kroppstyngd på kubeinet, og til slutt gav planken etter med eit høgt knak. Der, i isolasjonen, var dei, låg der som ei klyse gjennomsiktige rosa testiklar, eg grøssa og blei berre ståande stiv, utan å ta ei avgjerd, ute av stand til å gå laus på problemet. Dei små skinna vrei sakte på seg, peip blindt og lydlaust mot meg. Skulle eg brenne dei opp eller grave dei ned, avrette dei éin for éin – i så fall med kva? Eg forstod ikkje kva for valmulegheiter eg hadde, alt verka like grisete.»

Les også omtalen av teaterframsyninga FugletribunaletSoning for open scene

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

Kommentarar

ANNONSE