Nyhende i framtida – berre for dei med god råd?
Bør folk har rett til å få vite (eit minimum) av kva som skjer i samfunnet, eller er det berre rimeleg at journalistar skal ta betalt for arbeidet dei gjer?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Må me kjøpe nyhende?
Media er i ein omstillingsfase. På grunn av dårlegare økonomi, må fleire aviser kutte i papirutgåver og i tal journalistar. No kjem fleire nyhende berre på nett. Då avisene byrja å publisere nyhende digitalt tidleg på 2000-talet, var det i stor grad ope for alle. I dag har dei fleste aviser eit mål om at halve innhaldet skal vere gratis, og resten bak betalingsmur. Dette har bydd på nokre utfordringar.
For det første får mediehusa omtrent dagleg klagar frå lesarar som meiner at visse artiklar (ofte etter eiga interesse) burde vere opne. Klager kan også handle om at avisene deler lukka saker på sosiale medium. Som regel blir desse klagane svart med at journalistar må ta betalt for arbeidet sitt, og at dei som betaler for nyhendestoffet også skal få eit betre tilbod. Til dømes i form av grundigare artiklar som også er tilgjengelege der dei er – på Facebook.
Ofte er det nyhenda som arrestasjonar, dommar og vêrsaker som er gratis og ope for alle. Kanskje er det basert på ei norm om at folk bør ha innsyn i dei viktigaste nyhenda? Til dømes er det sjeldan at store, akutte saker om terrorangrep, politiaksjonar og brannar er bak betalingsmur. Men stadig meir innhald på nett blir lukka, og kanskje blir det til slutt slik at alt av nyhende må kjøpast. Kva konsekvensar vil det få?
Rett på informasjon?
Jamfør Ver varsam-plakaten, som pressa følgjer, har media eit samfunnsoppdrag. Ytringsfridom, informasjonsfridom og trykkefridom står sentralt i eit demokrati. Så kva skjer når mediehusa potensielt stengjer alt innhald? Pressa har rett til å informere. Men informere kven? Berre dei som har god råd? Er det heller slik at folk flest bør ha rett på (eit minimum av) informasjon?
På den eine sida treng avisene inntekter for å kunne betale sine tilsette. Ingen ville forventa å få andre tenester gratis, korkje frå butikkar eller andre som gjer ein jobb for deg. Samstundes er ikkje det å drive avis det same som å drive vanleg forretning. Journalistar får tak i informasjon, handsamar og publiserer den informasjonen vidare. Eit kriterium for slik informasjon, er at han skal vere aktuell og relevant for fleire, ja kanskje alle, i samfunnet.
Ein kan argumentere for at folk faktisk har rett på visse typar informasjon – til dømes om det er korrupsjon i norsk politikk, eller om Norge støttar invasjonar i andre land. Ein kan også innvende at dersom alt innhald i nettavisene blir lukka, så er det berre dei med pengar som vil ha råd til å lese aviser og å bli informerte. Eit slikt scenario er altså at dei med dårleg råd ikkje har tilgang på den same, viktige informasjonen. Noko som i verste fall kan forsterke klasseskilja.
Nordmenn mest villige til å betale
Ifølgje nye undersøkingar er nordmenn dei mest betalingsvillige i verda når det gjeld avisinnhald, skriv Klassekampen og NTB. Dei to undersøkingane er utført av universitetet i Sør-California og Oxford University, og syner ein generell laber vilje mot å betale for digitale avisprodukt. Dei nordiske landa, derimot, og særleg Norge, skil seg ut. Medan berre éin prosent av amerikanarar er villige til å betale for avisprodukt, ligg betalingsviljen på ti prosent i andre engelskspråklege land. Til samanlikning vil 27 prosent av nordmenn betale for avisinnhald på nett.
Framleis jobbar norske mediehus med å finne ein balanse mellom gratis og betalt innhald. Aftenposten tilbyr åtte gratisartiklar per lesar i veka, medan Klassekampen framleis satsar på papiravisa. Dei fleste aviser tilbyr abonnement for 100-200 kroner i månaden. Men det er fleire lesarar som berre ønskjer å lese ein enkelt artikkel, og som då ikkje vil betale dette beløpet. I tillegg blir det dyrt å betale for fleire aviser samtidig. Folk føler også at dei ikkje får det dei betaler for når dei sender inn annonser og bursdagshelsingar, og dette kjem i ei digitalavis for abonnentar.
Må tenkje digitalt
Det er openbert fleire mogelegheiter å vurdere vidare. Til dømes kunne ein kjøpt enkeltartiklar. Eller ein kunne hatt ein mobilapp som viste at ein er abonnent, og vist appen mot ein avis i kiosken. Eventuelt gå for NRK-alternativet: betale inn pengar årleg, og få tilgang på alt. Noko må det bli. Eg trur at dei som lager avis er interesserte i at folk flest held seg opplyste om det som skjer. Dei er i alle fall interesserte i å halde på lesarane. Då må betalingsløysinga funke for begge partar, i ei tid der meir og meir aktivitet flyttar seg til nettet (og sosiale medium).
– Skal vi klare å bevare den uavhengige, undersøkjande journalistikkens integritet i en digital verden, må vi forene våre krefter og gjøre felles sak på tvers av de ulike varemerkene. Vi må skape nye produkt, verktøy og plattformer og sikre en bærekraftig framtid for mediehusa våre, sa konsernsjef i Schibsted Media, Rolv Erik Ryssdal, til Medier24 tidlegare denne månaden.
Den digitale revolusjonen tvingar mediehusa til å tenke nytt. Medan mediehusa tenkjer, set eg pris på at både riksaviser og lokalaviser er gratis å lese på biblioteket. Slik kan dei med dårleg råd også få med seg nyhenda.