LNK: – Stortinget bør vurdera å gripa inn

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Stortinget bør vurdera å gripa inn

– Først og fremst er eg glad for at det er semje om ein stor Vestlandsregion. Ideelt sett burde Møre og Romsdal og ha vore med, men eg ser jo at avstandar gjer dette vanskeleg. Noreg er kanskje det mest sentralstyrte landet i Europa, og det å få ein region sterk nok til å bli ei reell motmakt til Oslo er viktig, seier Vidar Høviskeland, dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

– Eg er overraska og skuffa over at dei som har forhandla fram avtalen har landa på at den nye regionen ikkje skal ha nynorsk som administrasjonsspråk, men eg vel å tolka dette som ein førebels konklusjon. Dersom dette punktet ikkje blir endra, spår eg at det vert mykje uro rundt avtalen både i politiske forum, i organisasjonslivet og mellom folk flest.

– Kommunalkomiteen har bedd LNK passa på at kommune- og regionreforma ikkje får uheldige følgjer for nynorsk, og så langt har det ikkje skjedd så mykje på dette området. Men dersom reforma fører til at nokre av dei sterkaste nynorskområda i landet går frå nynorsk til språknøytralt, er dette ei så stor kulturpolitisk endring at Stortinget bør vurdera å gripa inn.

– Eg reagerer òg sterkt på at fylkesordføraren for mellom anna kommunane på Haugalandet, Ryfylke og Jæren uttalar til media at ho ikkje synest det er naturleg med nynorsk i Rogaland.

– Men eg håpar og trur i det lengste at den politiske prosessen framover vil retta opp dette, avsluttar Vidar Høviskeland.

Faktaboks

67 av kommunane i den eventuelle storregionen vil vera nynorskkommunar, medan berre 3 vil vera bokmålskommunar og 15 har vedtak om at dei er språkleg nøytrale.