Livet etter sjølvmordet

Maria B. Bokneberg skriv godt og sterkt om kva eit sjølvmord gjer med dei som blir igjen; korleis blir livet etterpå?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ei dårleg skjult hemmelegheit at mange tar sitt eige liv, også i vårt eige land.

Statistikken viser at over 500 dødsfall i Noreg kvart år skuldast sjølvmord, til samanlikning var det 117 som mista livet i trafikkulukker i 2015. Talet på pårørande er sjølvsagt enda høgare, og det finst vel knapt nokon som ikkje kjenner eller veit om nokon som er ramma. Likevel er dette noko vi som samfunn talar lite om, haldninga i media er å vere varsam med å informere, blant anna fordi ein fryktar smitteeffekt.

Slike restriksjonar finst heldigvis ikkje i litteraturen, og i Maria B. Boknebergs debutroman Lukta av våt jord om natta følgjer me eg-personen Mie, systera Rakel og faren deira i månadane etter moras sjølvmord.

Kva gjer eit sjølvmord med dei som blir igjen; korleis blir livet etterpå? Dette er spørsmål som romanen utforskar. I eit knapt, stillferdig og innimellom poetisk språk, utan å ty til lettvinte, dramatiske effektar, skildrar boka den langsame prosessen med å finne ein måte å leve med det som har skjedd.

Det er alltid vondt å miste nokon som står ein nær. Når dødsfallet skuldast sjølvmord, blir sorga i tillegg rastlaus og komplisert. For då er det ikkje berre tapet ein skal handsame, men òg alle dei umoglege spørsmåla: Korleis kunne ho gjere det mot oss? Kvifor såg eg ikkje at det var i ferd med å skje? Kunne eg gjort noko annleis, kunne eg hindra det? Slik kan sorga bli blanda med sinne, sjølvbebreiding og dårleg samvit.

Dei tre handterer sorga forskjellig. Mens systera og faren i alle fall tilsynelatande er i stand til å gå vidare, går Mie i ei sorggruppe, blir sjukemeld frå jobben og søkjer tilflukt i teikning. Ho teiknar for å finne ei form til sorga og for å ha ei rørsle å vere i.

«Kan vi ikkje vere saman i dette, Mie?» spør faren. Mie meiner at faren og systera også bør bli med i sorggruppe, og det blir ein liten konfrontasjon rundt middagsbordet. Ho skjønar dei ikkje, korleis dei held fram som om alt var normalt, og ho skammar seg over å ikkje forstå. Romanen skildrar korleis sorga og sorgreaksjonane skapar spenningar mellom dei og truar med å isolere dei frå kvarandre.Men dei held saman, og dei prøver så godt dei kan å ta vare på kvarandre. Dei gjer vanlege ting saman på same måte som før, handle, lage middag, drikke vin til maten, sitje i ein stol og lese – mens tida sleper seg langsamt etter dei. Det er betre å gjere noko enn å ikkje gjere noko, likevel blir det som om det ein gjer, det gjer ein på vegne av seg sjølv, handlingane blir berre ei rørsle blant andre rørsler, ein pantomime, imitasjonen av å leve. Skildringa av julekvelden liknar ein logg:

«Vi et, drikk vin, seier ikkje noko. Vi opnar pakkane sakte, tek av oss fintøyet og kler på oss dei nye ullgenserane og dei store joggebuksene. Eg hentar glas i skåpet og skjenkar i kvar vår konjakk.»

LES OGSÅ: Det er ingen som trur at toastmasteren skal gjere sjølvmord

Like fullt er det noko godt og trøystande i berre det å ha nokon andre i rommet:

«Vi sit i same rom heile dagen, på kjøkenet ved frukostbordet eller framfor peisen i kvar vår stol, med nasen i ei bok. Flyttar oss langsamt etter kvarandre, om ein går inn i stova, tuslar dei andre inn der etter kvart.»

Sorga har ein eigen rytme, og den rytmen er god.

Forfattaren har funne ei form som er eigna for den historia ho fortel. Vekslinga mellom notid og fortid der ho minnar små og store augeblikk frå då mora levde, fungerer fint. Skildringa av relasjonane mellom dei tre som er igjen, er truverdig. Sjølv om temaet kunne legge opp til det, blir romanen aldri sentimental eller påståeleg. Forfattaren let det som skjer tale for seg sjølv. Den litterære verknaden blir på denne måten sannare, og dermed også sterkare.

«Merkar ein når det skjer, forstår ein at no, no gjer det ikkje like vondt lenger?»

Augneblinken kjem, då Mie for første gong går forbi staden i huset der mora blei funnen, utan å kjenne «kriblinga i fingrane» og «frykta bruse». Dagen kjem òg der ho vaknar med open brystkasse og lett pust, og paradoksalt nok saknar «smerta som batt meg til henne». Om sorga aldri sluttar å vere sorg, kan ein likevel erfare at sorga til slutt slepp taket, «lette i akslene, rak rygg og merksemda retta mot det fine lyset.»


Les intervju med forfattaren:– Vi kan redde mange ved å snakke om sjølvmord

LES OGSÅ: 1 av 6 unge har sjølvmordstankar

Faktaboks

Maria B. Bokneberg
Lukta av våt jord om natta
Samlaget, 2016