Med den nye barneplata si ville Annlaug Børsheim og Morgonfrosken laga ei motvekt til alt bråket på barne-TV.

mm
Faktaboks

Morgonfrosken syng songar om store spørsmål og emne som universet, tankane våre, einsemd og kjærleik, til nære og konkrete fenomen som vêr og vind, fuglar og froskar. Musikken er inspirert av norsk folkemusikk, så her blir det både vals, halling, rudl og reinlender.

Tekstane er skrivne av Per Olav Kaldestad og henta frå boka ”Når Morgonfrosken syng” og musikken er laga av Annlaug Børsheim frå Ulvik. Ho syng og spelar fele og gitar, og ho har med seg den banjospelande klarinettisten Ingemund Askeland frå Etne og felespelaren Mari Skeie Ljones frå Lillehammer.

Konsert på Nynorske litteraturdagar i Aurland 21. oktober.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg håper eg det er ei plate som foreldre og ungane kan høyra på saman. Det er mange barneplater som foreldra synest er forferdelege å høyra på, seier folkemusikar, songar og komponist Annlaug Børsheim.

Med trioen Morgonfrosken slepte ho i dag plata Og fjøla blei ein seglbåt og tanken blei ein vind under poesifestivalen i heimbygda Ulvik i Hardanger. Tekstane på plata er henta frå barnediktboka Når morgonfrosken syng av Per Olav Kaldestad frå 2004. Børsheim har sjølv sett melodiar til dikta, som ho meiner talar til både små og store.

– Då eg las dikta, blei eg heilt betatt av dei, sjølv som vaksen. Han skriv om store tema, filosofiske ting, på ein enkel måte, seier Børsheim, som heller ikkje tenkte på at ho skulle laga songar for born då ho tonesette dikta.

– Eg ville berre laga melodiar som eg synest er fine sjølv, seier ho.

– Dette var ferdige songtekstar
Børsheim møtte Kaldestad under eit arrangement på festivalen Bygdalarm, der ho hadde tonesett eit av dikta hans til ein konkurranse. Forfattaren frå Stord var tydelegvis nøgd med det han høyrde, for etter festivalen sendte han Børsheim eit eksemplar av Når morgonfrosken syng.

– Eg såg at dette var ferdige songtekstar, så eg byrja med ein gong å laga melodiar til dei medan eg las, utan at eg tenkte då at dette skulle bli ei plate.

Plateplanane kom først etter eit prosjekt med Den kulturelle skulesekken, der Børsheim saman med felespelar Mari Skeie Ljones turnerte med songane på skular i Hordaland.

– Det var spennande, for det er eit veldig roleg program – det er veldig lite tjo og hei, og fritt for prompehumor, seier Børsheim.

LES OGSÅ: Annlaug Børsheim går internasjonalt

– Jo høgare ein skrik, dess betre er det
Heldigvis var elevane både interesserte og rolege – stort sett.

– Av og til går det heilt skeis. Det var mellom anna ein gong me oppfordra til dansing, og då tok det fullstendig av, seier Børsheim, som seier formidling til ungar er ein risikabel affære.

– Dei gjennomskodar deg viss du ikkje trur på det du gjer, og dei gidd ikkje følgja med lenger viss dei ikkje er interesserte. Då finn dei på noko anna.

Likevel er Børsheim, som sjølv er småbarnsmor, lei av at all underhaldning for barn skal vera masete og full fart.

– Jo høgare ein skrik, dess betre er det. Du ser det viss du skrur på barne-TV, det er veldig mykje bråk, seier Børsheim, og fortel at tanken med Morgonfrosken var å laga ei motvekt.

– Barn kan underhaldast på mange nivå, det må ein hugsa.

Frå lanseringa under Poesidagane i Ulvik.

– Ikkje berre filosofisk
På plata har Børsheim og Ljones fått med seg Ingemund Askeland på banjo, klarinett og munnspel og blitt til trioen Morgonfrosken. Den nedstrippa musikken er inspirert av både norsk og amerikansk folkemusikk, i tillegg til britisk pop. I studio har dei utvida lydbiletet litt med fleire gjestemusikarar – mellom dei artisten Anne Lise Frøkedal frå Etne, som også har produsert plata.

Som sine favorittekstar trekk Børsheim fram den vemodige «Du skal reisa» og den filosofiske «Tenk deg-vise». Den sistnemnde opnar slik:

«Tenk om eg var ein tanke
og kunne reisa til deg
slik berre ein tanke kan reisa
med hundretusenmilssteg».

«Du skal reisa» handlar om ei smertefull erfaring mange gjer seg både i barndomen og seinare i livet:

«Du skal reisa vekk frå meg
Heile kroppen krympar seg».

Børsheim understrekar samstundes at ikkje heile plata er like alvorleg.

– Det er ikkje berre filosofiske og triste dikt. Det er også tekstar om froskar og fuglar og mykje forskjellig, seier ho.

LES OGSÅ: Per Olav Kaldestad skildrar bieliv i ny barnebok

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE