Kristoffer (26) har laga leksehjelp på nett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det starta med at Kristoffer Engebø Hundershagen (26) frå Naustdal byrja å jobbe eit år som lærar. Han hadde studert både språk og økonomi då han bestemte seg for å gå lærarvegen.

– Det var som lærar eg merka at skulen hadde forandra seg lite sidan eg sjølv gjekk på grunnskulen. Eg såg at behovet for teknologiske alternativ var der, seier han.

Hundershagen hadde lyst til å skape noko som kunne modernisere den tradisjonelle skuleboka og undervisninga. Dermed begynte han på ein åtte månadar lang prosess med å undersøke mogelegheitene.

– Det blei ein del seine kveldar.

LES OGSÅ: Jublar over leksefri-ja

Lært alt på YouTube
Alle videoar, foto og grafikk har han laga sjølv.

– Gjennom mange timar på YouTube, seier han lattermildt.

Skoleflink.no blei lansert førre måndag, og har allereie hatt ein del besøk. Men det tok lang tid å bygge kursinnhald og læremateriale.

– Eg fann etter kvart ein del program som kunne lage motiverande og svært informative videoar. Eg trur at denne metoden kan nå ut til mange elevar, fortel han, og legg til at kursa følger læreplanen.

– Får ein visuell lærar
Førebels kan ein kjøpe kurs i matematikk, spansk og tysk. Hundershagen forklarer at oppgåvene er enkelt forklart, og at han har formulert spørsmål med ting elevane kan relatere seg til. Til dømes: Christiano Ronaldo scora ¼ av dei 160 måla. Kor mange mål scora han?

I tillegg er det fleire videoar der menneske på gata snakkar tysk, fransk, engelsk eller spansk, som blir omsett til norske undertekstar.

– Som lærar når du ikkje ut til alle. Ofte er det også slik at lærarane ikkje har tid eller overskot til å jobbe med alternative læringsmetoder. På nettstaden får ein oppfølging av ein visuell lærar, seier Hundershagen.

LES OGSÅ: Elevar blir tvinga til å bruka data

Forskar: – I mange klasserom er penn og papir
Ein fersk rapport frå pedagogisk institutt ved Universitetet i Oslo syner at datastøtta undervisning og læring framleis ikkje har kome til rette i norsk skule i 2016. Dette trass i fleire døme på gode lære- og arbeidsformer med digital teknologi.

Forskar ved instituttet, Anders Kluge, skriv i rapporten at «det synes tydelig at lærere, skoleledere og skoleeiere fremdeles er på leting etter modeller og strukturer for å ta i bruk teknologi på en formålstjenlig måte.»

– Det nyttast mykje pengar per elev på skule i Norge, det gjeld også teknologiske vertøy. Mitt inntrykk etter å ha forska på dette sidan 2000, er at det er mange gode lærarar – og mange som er kreative med teknologi. Men variasjonane er store. I ein del klasserom skjer det same nesten i alle timane: Læraren snakkar, og så er det individuelt arbeid med penn og papir, seier førsteamanuensis i pedagogikk ved Universitetet i Oslo, Ingvill Rasmussen.

– Korleis kan eit tilbod som Skolehjelp.no vere til hjelp i skulen, eller forforeldre?

– Slik eg forstår denne tenesta så koster ho pengar. I Norge er det jo eit fint prinsipp om at skule skal vere gratis og for alle. Det er mange som treng litt ekstra hjelp, og det er viktig å tore å spørje om hjelp. Og sjølv om teknologi kan vere til stor hjelp, så treng vi ein god lærar.

LES OGSÅ:  – Ingenting tyder på at auka bruk av IKT i seg sjølv gjev betre læring, seier kunnskapsministeren

Ønsker å nå ut til skulane
Hundershagen har no kontakta fleire skular i Hordaland og Sogn og Fjordane for å presentere Skoleflink.no. Han trur dessutan at mange foreldre vil sette pris på tilbodet, då privat leksehjelp frå ein vaksen ofte kan koste 700 kroner i timen.

– Det er mange foreldre som slit med leksene, og som ikkje kjenner att oppgåvene frå eigen skulegang. Via eit konsulentselskap kontakta vi foreldre og elevar i grunnskulealder. Resultata viste at foreldre ikkje relaterte seg til leksene. Særleg sleit dei med matematikk, fortel Hundershagen.

Samstundes fann dei ut at elevar sakna meir praktiske oppgåver og meir bruk av data og iPad i skulen.

– Gjennom brukartest av sida på 6.- og 8. klassingar, fekk vi gode tilbakemeldingar. Dette er nytt, og krev nok ein overgangsfase for at folk kan bli vande med å lære meir på nett, trur Hundershagen.

Vil opprette fleire fag
No har han fått med seg ein person til på laget, og planen framover er å tilby kurs i fleire fag, og å eksponere nettstaden til skular og foreldre.

– På sikt ønsker vi også nynorsk, men generelt bruker eg meir figurar, bilete og symbol enn tekst. Ved såkalla e-læring kan ein også spole, pause og sjå om att.

Framom alt vil han lage oppgåver som er forståelege, spennande, og som elevar relaterer seg til.

– Samstundes skal det vere av god kvalitet. Dei skal vite korleis dei går vidare og sjå kor langt dei har kome i oppgåva, seier Hundershagen.