Innføring av ny mobilteknologi som 4G-nettet medfører ikkje at totaleksponeringa for stråling aukar, ifølgje Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Det viser den første rapporten frå eit samarbeid med Statens strålevern om langtidsmålingar av stråling frå mobilmaster og annan elektronisk kommunikasjon.

Ifølgje rapporten som blei offentleggjort onsdag, fører ikkje nye frekvensband (4G) nødvendigvis til auka totaleksponering av stråling. Jamt over ligg utandørsnivåa av stråling under tre promille av dei offisielle grenseverdiane.

Målingane skjer kvar tredje månad på fleire stader i Kristiansand, som er valt fordi byen representerer ein typisk norsk, større by med mykje aktivitet. Prosjektet vil fortsette i fleire år framover. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

ANNONSE