Noreg med underskot for første gong på over 20 år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg går i underskot

Utgiftene til Noreg er for første gong sidan midten av 90-talet større enn inntektene, viser statsrekneskapen for andre kvartal.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at dei samla inntektene til statsrekneskapen i andre kvartal i år var på 328 milliardar kroner, som er 2,3 prosent mindre enn i same kvartal i fjor. I 2015 var dei samla inntektene på 336 milliardar kroner.

– Det er framleis lågare inntekter frå petroleumsverksemda i form av petroleumsskattar og uttak frå det direkte økonomiske engasjementet til staten (SDØE) som forklarer nedgangen i samla inntekter. Skatteinntektene frå petroleum er meir enn halvert i dette kvartalet sett i forhold til 2. kvartal 2015, frå 46 milliardar til 23 milliardar. Samla skatteinntekter i statsrekneskapen er redusert med 8,3 prosent, skriv SSB.

Dei samla utgiftene til staten har på eitt år auka kraftig, noko som har ført til eit underskot på om lag 5 milliardar kroner dei første fire månadene i år.

I andre kvartal i fjor var utgiftspostane på til saman 308 milliardar kroner, medan dei på same tid i år har auka til 333 milliardar kroner. Det er ein auke på heile 8 prosent. (©NPK)

LES OGSÅ: Banksjef ber folk tømme bankkontoane