Lagar tv-serie på Høddvoll

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Vikebladet Vestposten.

Fredag neste veke er det audition i klubbhuset på Høddvoll for gutar og jenter mellom 16 og 23 år.

Våren 2018 vil NRK1 sende ein ny dramaserie på sundagskveldane. Serien skal handle om ei ung kvinne som kjem flyttande til ein liten by/bygd på Vestlandet med ambisjonar om å bli den beste fotballtrenaren i landet. Sjølv om arenaen for serien er fotball, handlar det like mykje om å lukkast på heimebane.

– Så er det ein serie som vil problematisere korleis det er å vere kvinne på ein mannsdominert arena, røper produsent Yngve Sæther. Han trur det kan bli moro at det kjem ei kvinne og skal lære gutane fotball.

Yngve Sæther har produsert filmane om Jarle Klepp, «Kvinner i for store herreskjorter», «Som du ser meg» og TV-serien «Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet».

LES OGSÅ: «Frikjent» vil visa moderne bygdeliv

–  Det er jo Ulsteinvik
Manusforfattar Johan Fasting fortel at då han skreiv manus hadde han inga spesifikk bygd i tankane. Det skulle vere ein stad på vestlandet. Han skreiv om ein fotballklubb, og at store delar av arbeidslivet var sentrert rundt same industrien. Då Sæther fekk sjå manus, tenkte han: – Dette er jo Ulsteinvik.

Han har kone frå Ulsteinvik (Ingrid Festøy Ottesen) og har vore her mykje i feriar og kjenner staden.

Ti episodar
Det blir ti episodar, der kvar episode er på 45 minutt.

«Hjemmebane» er ein familieserie for alle over 12 år. Serien er fiktiv, sjølv om ein kan kjenne att element frå Ulstein.

Fasting har dikta opp den fiktive klubben Varg. Det vesle laget som slår seg opp.

Produsent Vilje Hagen fortel at Hødd har teke veldig godt imot dei, og det er bra. Dei er avhengige av eit godt samarbeid lokalt for å få eit så bra produkt som mogleg.

Lyst på inspirasjon til nye seriar? Her er tips frå ein tv-vitar!

Ikkje låst på alder
Selskapet ønskjer å nå gutar i alderen 16–23 år som kan spele fotball. Dei er også interesserte i gutar på 16–18 år som ikkje speler fotball. Jenter på 16–20 år blir også oppmoda om å møte på audition. Søkjarane må sende inn ein epost til castingshjemmebane@gmail.com.

Dei har ikkje låst på alder. Ho som speler Noora i serien Skam er 23 år, ikkje 16 år, så ein kan spele personar som er yngre eller eldre enn seg sjølv.

Opphavleg hadde dei sett føre seg at den unge kvinna var trønder, men dei er også opne for at ho kan kome frå ein annan stad, men ikkje Sunnmøre. 

LES OGSÅ: Ruby (16) fekk rolle i «Skam»

Hjemmebane
Innspelinga av den nye familieserien «Hjemmebane» startar i mars 2017.

Det blir ti episodar på 45 minutt.

Serien blir sendt på NRK 1 sundagskveldar klokka åtte.

Det er ein samproduksjon mellom produksjonsselskapet Motlys og NRK Drama.