Ruby (16) fekk rolle i «Skam»
Ruby Dagnall skal spela elev på Hartvig Nissen videregående skole.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
NRK stadfestar ovanfor Dagsavisen at 16-år gamle Ruby Dagnall har fått ei rolle i tredje sesong av den populære tv-serien «Skam».
Dagnall vil ikkje kommentera den nye rolla til avisa, men fortel at vennegjengen følgjer med på serien.
− Eg ser mykje film. Quentin Tarantino er favorittregissøren min, og «Pulp Fiction» er ein film eg har sett mange gonger. «Birdman» også. Elles er tv-serier stort blant venene mine, alle følgjer sjølvsagt med på «Skam», seier Ruby Dagnall i eit intervju med Dagsavisen.
Den unge skodespelaren har allereie fått mykje skryt for tittelrolla i debutfilmen «Rosemari», som er skrive og regissert av Sarah Johnsen. Filmen, der ho speler mot mellom andre Tuva Novotny, har premiere 9. september.
Dette er den første filmrolla til 16-åringen, som til vanleg går teaterlinja på Hartvig Nissen videregående skole i Oslo, der handlinga i «Skam» føregår.
Sjå trailer for debutfilmen «Rosemari» her: