– Oslo har flest truga artar i Noreg, me vil ha fleire grøne lunger

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Grøntstrukturar i byen er heilt essensielt for å ta vare på artsmangfaldet i Oslo, seier leiar i Oslo Natur og Ungdom, Simon Bratland Husstad.

Oslo er den kommunen i Noreg med størst artsmangfald, men òg den med flest truga arter, ifølgje Husstad.

Han viser til Naturarv.no som skriv at 80 prosent av alle artane i Noreg finst i Oslo, og flesteparten av dei raudlista artane finst òg i hovudstaden.

– I ei tid der arter over heile verda døyr ut raskare enn nokosinne, er det utruleg viktig å ta vare på vårt eige artsmangfald. Og med den befolkningsveksten Oslo står overfor, er arealendringar ein massiv trussel mot artane i Oslo. For å avgrensa tapet er parkar og grøntområde ein super medisin, held Husstad fram.

LES OGSÅ: Humlene i Oslo får eigen autostrada

Ein park kan, viss han vert forvalta på riktig måte, ha eit rikt artsmangfald. Aksjonistane krev at det vert arbeidd for å stilla krav til at parkane i Oslo må forvaltast på ein måte som fremjar biomangfald.

– Oslo vert ordet «park» brukt om ein grasflekk med eit klatrestativ på, seier fylkesstyremedlem i Oslo Natur og Ungdom, Erlend Hovdhaugen (16).  Han er dessutan oppteken av at parkar ikkje berre er viktig for artsmangfaldet i byen.

– Grøne byrom er gratis og styrkjer lokalmiljøet fordi dei er møtestadar for folk uavhengig av økonomi, alder og bakgrunn. Slike område kan nyttast til mykje, både idrett, friluftsliv, musikkfestivalar og andre arrangement som bidreg til ein levande og inkluderande by, avsluttar Hovdhaugen

Oslo Natur og Ungdom og Sentralt Ungdomsråd har gjennom Ungdommens Bystyremøte fremja sak til Bystyret om å få fleire og betre grøntområde i Oslo. Saka skal handsamast denne hausten.

LES OGSÅ: Talet på villdyr fell kraftig