Pave Frans føreslår at omsorg for miljøet skal leggjast til dei gode gjerningane som katolikkar er forventa å gjere.

NPK-NTB-AP
NPK-NTB-AP

Paven kom torsdag med forslaget om å legge til omsorg for miljøet til dei sju gode gjerningane i katolisismen.

Forslaget blir kalla ei forlenging av det økologiske rundskrivet til paven, Laudato Si', som blei publisert i fjor. Det pavelege rundskrivet på 180 sider tek opp miljøspørsmål og byggjer vidare på det tidlegare pavar har sagt.

Den latinamerikanske paven har teke til orde for ein revolusjon for å rette opp i det han har sagt er eit «strukturelt perverst» økonomisk system der rike utnyttar fattige og gjer verda til ein «stor haug av møkk». (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE