Klubbleiar ber om at ein ikkje berre snakkar om arbeidsledige ingeniørar i oljekrisa.

mm
Faktaboks

• I juli var det 9200 med bakgrunn i ikt- og ingeniørfag som var heilt arbeidsledige eller arbeidssøkarar på tiltak. Det er ein auke på 37 prosent frå året før.
• Nesten 13000 industriarbeidarar var arbeidsledige.

Sjå oppdaterte tal her!

LES FAKTALUKK FAKTA

Leiaren i Arbeidarpartiet er denne veka på vestlandsturné. Tysdag kveld fekk han møta fagrørsla i Sunnhordland, i kommunen med den fjerde høgaste arbeidsløysa i landet; Stord.

Richard Storevik, klubbleiar ved Apply Leirvik og leiar for det sentrale ungdomsutvalet til Fellesforbundet, bad Støre om å snakka fram fagarbeidarane i industrien.

– Eg har sete i forhandlingar med bestekameratar som må gå ut porten. I debatten om oljekrisa, snakkar ein om dei arbeidsledige ingeniørane. Det er grådig sårt for oss som har kameratar ute – ingen snakkar om dei som jobbar på golvet, som er platearbeidarar, og som no står utan jobb. Viss du kunne ha gjort noko med det i dei debattane du er med i, så hadde me vore veldig glade for det.

Støre svara han dette:

– Det er sårt og noko me må ta tak i med alle krefter og sørgja for at det er prosjekt som i størst grad kan halda aktivitet, og sørgja for at unge ikkje fell ut. Og om dei mistar jobben, så må dei få eit tilbod om opplæring.

LES SAKA: Her er arbeidsløysa størst

– Arbeid er sak nummer éin
Jonas Gahr Støre streka under at arbeid til alle er hovudsaka for Arbeidarpartiet fram mot valet.

– Skal me løysa dei store utfordringane me står overfor, så må det til arbeid. Folk som ikkje jobbar, kjem ikkje til å løysa spørsmålet med å få utsleppa ned, og bruka ressursane betre. Å byggja E39 skjer ikkje utan arbeid.

– Manglande fagarbeidarar kjem til å setja Noreg i ein veldig vanskeleg situasjon, poengterte leiaren i Arbeidarpartiet.

LES OGSÅ: – Det grøne skiftet er eit luftslott

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE