Venstre: Oljespørsmål blir sentralt i valkampen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oljespørsmål blir sentralt i valkampen

Medan statsminister Erna Solberg seier ja til opning av oljeboring utanfor Lofoten/Vesterålen, fornyar Venstre sitt løfte om permanent vern av området.

I forslaget til programutkast, som blir lagt fram torsdag, tek Venstre endå ein gong til orde for å gi permanent vern til sårbare område, inkludert Lofoten, Vesterålen og Senja. Formuleringa er den same som i førre partiprogram.

Nestleiar Terje Breivik meiner spørsmålet om ein skal tillate leiteboring vil bli heilt sentralt i valkampen neste år.

Han tek utspelet frå Solberg med ro. I Dagens Næringsliv måndag varsla Solberg at dei omstridde områda kan opnast.

– Dette har Høgre meint, og det må dei få lov til å meine. Men argumenta som låg bak forliket for tre år sidan, har berre blitt endå sterkare, seier Breivik til NTB.

Han meiner det er for tidleg å seie noko om kva konsekvensar spørsmålet vil kunne få for framleis samarbeid mellom Venstre og regjeringspartia.

– Det er prematurt å spekulere på det. Men det vil bli ei av dei viktigaste sakene i valkampen og i eventuelle regjeringsforhandlingar etterpå, seier han. (©NPK)