Facebook driv omfemnande sensur. Denne veka har dei både fjerna bilete og tekster frå mediet.

Jon Hustad, Dag og Tid
Jon Hustad, Dag og Tid

Denne veka delte krimforfattar Tom Egeland på Facebook det legendariske napalmbiletet frå Vietnam-krigen der ei ni år gamal naken jente spring ut av landsbyen sin. Straks og med ein gong tok Facebook bort biletet. Difor byrja ei rekkje folk å dela det same biletet, for så å oppleva det Egeland opplevde. Etter ei tid gjekk jurist Anine Kierulf ut med sterk kritikk av Facebook for praksisen. Det heile enda med at teksta til Kierulf vart fjerna av Facebook.

– Kva var det som hende?
– Eg la merke til diskusjon rundt denne napalm-jenta. Eg såg òg at Facebook grunngav det med at dei hadde retningsliner mot nakne kroppar. Men eg har sett mykje ulikt på Facebook og fann ut at eg ville testa regimet, som eg ikkje forstod. Det er ikkje nett lett å skjøna kvar dei legg lista. Difor la eg ut fleire ulike bilete: ei teikning av då Donald miste trøya og brått forstod at han var naken, eit aktbilete av ei kvinne som synte ei brystvorte, Munchs­ pubertet og David-statuen til da Vinci, og fleire andre bilete, pluss napalmbiletet. Eg postla alt saman med ei tekst på engelsk.

– Kva rauk fyrst?
– Vel, David-statuen fekk eg ikkje eingong lasta opp. Men fyrst rauk vel aktbiletet, så napalm­biletet. Så fekk eg streng melding frå Facebook om at no måtte eg skjerpa meg og gå gjennom alle bileta mine på Facebook. Så høyrde eg ikkje meir, men brått var til og med teksta mi borte. Og det siste tykte eg var svært rart, for ingen stader i retningslinene til Facebook står det at det ikkje er lov å kritisera Facebook.

– Men det er vel forståeleg at dei ikkje vil støyta menneske?
– Ja, dei seier så, men det ser ikkje ut til å vera noka særleg prinsipiell tenking som ligg bak. For meg ser det meir ut som dei tenkjer «liberalt» amerikansk. Det er lov med homofile par som kysser, det er lov å seia at Israel er ein apartheidnasjon. Mitt poeng var å visa kor vilkårleg det heile er. Men at dei til og med tok bort teksta, var for meg det mest underlege.

– Men du ser innvendinga? Dette er eit privat selskap som er i sin fulle rett til å gjera kva dei vil. Er du med, må du godtaka vilkåra?
– Jau då, eg ser dette. Og som jurist ser eg fullt ut at det dei gjer, er lovleg. Men dei fleste av oss ser at Facebook er ein viktig del av det offentlege romet, og stort sett alt av medium er no avhengige av Facebook for å nå ut til lesarar og sjåarar. Skal ein så viktig aktør berre få lov til å gjera kva dei vil, og de facto også få redigera andre medium?

– Sjølv er eg heilt avhengig av Facebook, eg må vera medlem av ei rad ulike grupper for å vita kva borna held på med. Kvifor prøver ikkje politikarane å regulera Facebook slik dei regulerer andre fellesgode og infrastruktur?
– Det er eit såkalla godt spørsmål. Det er mange etter kvart som har det som deg. Ein god del der ute har Facebook som si primærkjelde til informasjon. Men det er det same gamle problemet med multinasjonale selskap og internett. Facebook fungerer i så mange ulike jurisdiksjonar at det vert notorisk vanskeleg å få regulert selskapet. Nokre land har forbod mot å valda skade internt i landet, andre går etter selskap der dei har adresse og så bortetter. Å sjå føre seg at andre enn Facebook sjølv skal taka ansvar, er vanskeleg. Men det vert meir og meir problematisk det heile. Vi anar til dømes ikkje om vi har høve til å anka avgjerder, vi får dei heller ikkje til å svara.

– Korleis enda det heile for deg?
– For meg er ikkje dette eit stort personleg problem. Eg har ikkje teke kontakt med dei og bede om ei forklaring. Det eg ville, var å syna fram ein problematikk mange truleg ikkje har fått med seg. Eg la saka mi ut på Twitter og vonar at merksemda rundt saka kan få Facebook til å reagera og presisera retnings­linene. Dei likar ikkje dårleg PR, og eg har som von at medietrykket kan få dei på bana.

Du finn fleire saker om Facebook her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE