Lanserer Fugletribunalet på engelsk

Fugletribunalet av Agnes Ravatn vert lansert i Storbritannia i september.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fugletribunalet på engelsk

Forlaget Orenda Books, med mellom anna Gunnar Staalesen i stallen satsar stort på utgjevinga, og Ravatn skal delta på festivalar og arrangement i Storbritannia i løpet av hausten. Boka er før utgjeving valt ut i ein omfattande «Fresh Talent»-profilering gjennom den store bokhandlarkjeden WHSmith. Boka er også tildelt den ekslusive PEN Translates Award som vert gitt til ei knippe kvalitetsbøker som skal ut på den engelske marknaden. Rettigheitene til Fugletribunalet er no selt til sju land: Litauen, Russland, Storbritannia, Danmark, Serbia, Tyskland og Tyrkia.

Fugletribunalet kom ut i 2013 til strålande kritikkar. Boka slo også godt an hos norske lesarar og opplaget er no oppe i over 30 000. Ravatn fekk P2-lyttaranes romanpris, Ungdommens kritikarpris og Bokbloggerprisen for boka. Fugletribunalet er også dramatisert og har gått for fulle hus på Det Norske Teatret.

Meld deg på nyhendebrev med siste boknytt her!