Følg Ola Haldor ut av skåpet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Vigga.

Måndag er det premiere på NRK sin dokumentarserie «Ut av skapet». Programmet tek opp eit høgst personleg og for mange, følsamt tema. Men Ola Haldor håper hass historie og erfaring kan hjelpe andre.

– Eg tenkjer attende på meg sjølv då eg var 13-14 år, og kor forvirra og einsam eg følte meg. Det var vanskeleg. Det er sikkert fleire som har det slik, trur Ola Haldor.

Han fortel at ting ofte blir veldig overdrive i sitt eiga hovud.

– Men legninga har eigentleg ingenting å si, fortel Ola Haldor.

Utvekslingsstudent
Sjølv tok Ola Haldor det fyrste steget «ut av skåpet» i slutten av 10. klasse. Den første han fortalde det til, var ein lærar på Lesja skule.

– Ho strakte ut ei hand, som eg greip fatt i, seier Ola Haldor.

I serien skal dei to gutane og tre jentene vere opne om legninga si til ein dei ikkje har sagt det til før. Kamerateamet har fulgt dei under heile prosessen. Under den tre veker lange innspelinga budde Ola Haldor saman med dei andre i eit kollektiv i Oslo.

Ein kamerat av Ola Haldor tipsa om innspelinga i fjor, då Ola Haldor var utvekslingsstudent i USA. Båe meldte seg på. Ola Haldor hadde gløymt det, heilt til han fekk telefon frå produksjonsselskapet etter han hadde kome attende til Norge. Etter ei runde med intervju fekk han ein ny telefon om at dei ville ha han med i programmet.

Positivt fokus
Ola Haldor har tenkt mykje på korleis reaksjonane vil bli. Han trur det vil koma ein del,  men trur at det meste vil vere positivt.

– Vi har vorte førebudd på at det kan koma litt stygge reaksjonar, men eg trur det skal gå fint. Eg vel å fokusere på det positive, seier han.

Han trur at familien hans berre vil synes det er stas, og morosamt. Men han trur dei vil få sjå ei ny side av han på skjermen.

– Lesja og Dovre er jo små samfunn, har du fått negative eller positive reaksjonar her?

– Det faktisk noko eg har sete inne med lenge. Det er ikkje så ille som folk skal ha det til. Eg har hatt få negative opplevingar med å være homofil her eller i heile Gudbrandsdalen, seier Ola Haldor.

Ola Haldor vil ha fokus på homofili i skulen i si episode.

Forbetre haldningar
Han trur ein kan møte motstand uansett om det er i små bygder eller større byer.

– Folk kan ha dårlege opplevingar på bygda og i byen, men eg har berre hatt gode opplevingar. Det er ikkje så ille, fortel Ola Haldor.

Han håper serien vil vere med å betre haldningane hjå folk.

– Det er ein fin måte å spre info på, og det trengs, meiner han.

Lesja-reklame
I dag avtener Ola Haldor verneplikta si hjå Sjøforsvaret på Madla utanfor Stavanger. Han seier at det blir ingen offiser av han, men han vurderer fysioterapi etter militærtenesta.

Serien har premiere på NRK mandag 22. august. Det er éi episode som er dedikert til kvar person, men alle er med i alle episoder. Episoda med Ola Haldor er delvis filma på Lesja, og han håper det gjev bra Lesja-reklame.

– Serien er veldig bra lagd, og veldig samfunnsrelevant, seier Ola Haldor.

Sjølv håper han at serien kan bli lærestoff og nytta i skoler.

– Det er ein tung, men morosam serie. Eg har sett gjennom alt, og det er berre å finne fram lommetørklet, seier Ola Haldor.