Åtvarar mot farlege tatoveringar

Helseskadelege stoff er funne i nesten av halvparten av tatoveringsprodukta.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stadig fleire får seg tatoveringar. Berre i EU er det no 60 millionar med minst éi tatovering. 30 prosent av alle unge mellom 16 og 34 år har tatovert seg.

No har EU undersøkt kva som er i blekket som blir sprøyta inn i huda. Dei fann at 43 prosent av alle produkta inneheldt det kreftframkallande stoffet PAH. 14 prosent inneheldt PAA som òg er sett i samanheng med kreft.

Ni prosent inneheldt tungmetall, og 11 prosent hadde mikrobiologisk smitte i seg.

Rapporten til EU-kommisjonen tilrår mellom anna at EU innfører reglar for innhald i tatoveringsprodukt, tilsyn med produsentane og obligatorisk opplæring for alle tatovørar.

LES OGSÅ: – Namn «in» – tribal «ut»