Jan Roar Leikvolls minnepris til Kjersti Rorgemoen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Minnepris til Kjersti Rorgemoen

Forfattar Kjersti Rorgemoen frå Tokke får tildelt Jan Roar Leikvolls minnepris på 50.000 kroner.

Minneprisen er eit samarbeid mellom familien til Jan Roar Leikvoll og Det Norske Samlaget og blir i år delt ut for andre gong. Prisen skal gå til ein nynorsk, skjønnlitterær forfattarskap av høg kvalitet og originalitet. Forfattaren må ha debutert etter 2005 og kan maksimalt ha gitt ut fire titlar.

I grunngjevinga frå juryen heiter det at bøkene til Kjersti Rorgemoen skildrar meiningsløysa i tilværet på eit vis som gjer det meiningsfylt, og at det er eit grunntrekk som forfattarskapen har til felles med Jan Roar Leikvolls eigen.

Juryen peikar også på at Rorgemoen utmerkjer seg ved språkleg finesse, evne til å syne samanhengar der ingen ser ut til å finnast, og vilje til å sjå kvar ein situasjon frå alle andre synsvinklar enn den opplagde. (©NPK)