Fleire monstervepsar i Noreg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den største stikkvepsen i Europa, geithamsen, har i sommar blitt oppdaga fleire stader i Søraust-Noreg.

– Vi veit ikkje sikkert kvifor det blir fleire av han. Men varmare klima er truleg ei forklaring, seier Magne Flåten i Samarbeidsrådet for biologisk mangfald (Sabima) til Forskning.no.

Gigantvepsen vanskeleg å få auga på. Han kan bli over tre centimeter lang og har breitt hovud, store auge og kraftige kjevar.

LES OGSÅ: Stikk på pungen er ikkje verst

Var rekna som utdøydd
Fram til 2007 var arten nærmast rekna som utdøydd i Noreg, men då blei vepsen for første gong registrert i Østfold, Akershus og Hedmark etter at han ikkje hadde vore sett i landet sidan 1911.

Magne Flåten trur at kjempevepsen kjem seg til å spreia seg til resten av landet. Han peikar på at berre ei varm veke om sommaren er nok til at ein art som geithamsen overlever.

LES OGSÅ: Forskarar uroa over insektssvikt

Fredeleg og skremmande
Vepsespesialist Lars Ove Hansen ved Naturhistorisk museum i Oslo stadfestar at geithamsen for alvor er kommen til Noreg.

Men det er ikkje grunn til å frykta den store vepsen meir enn andre vepsar.

– Dette er tvert imot ein fredeleg veps. Han er uredd fordi han sjølv veit han ser stor og skremmande ut for dei fleste, seier Flåten, som likevel åtvarar mot å pirka i vepsebolet til geithamsen. Då kan han bli aggressiv.

LES OGSÅ: Sensasjonelt edderkopp-funn i Gudbrandsdalen