– Regjeringa må gå av viss ikkje bensinprisen går opp

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Må gå av viss ikkje bensinprisen går opp

– No må drivstoffavgifta gå opp, viss ikkje må regjeringa gå av.

Det sa Unge Venstre-leiar Tord Hustveit på debatten mellom leiarane av ungdomspartia måndag kveld.

– Alt som forureinar skal bli dyrare. Ein tredjedel av utsleppa våre kjem frå transport. Difor må det bli dyrare, sa Tord Hustveit i debatten som blei arrangert under Arendalsuka.

KrFU-leiar Ida Lindtveit slutta seg til Hustveit:

– Viss ein ikkje leverer på dette, så har ein ikkje noko å snakka om.

LES OGSÅ: Noreg har verdas billegaste bensin

FpU vil ha lågare skattetrykk
Bjørn-Kristian Svendsrud (bildet), formann i FpU, avviser ikkje høgare avgifter på drivstoff viss det totale skattetrykket går ned.

– Det vil bli betre for folk flest og betre for miljøet, sa han og la til:

– Målet er at nye miljøvenlege bilar skal bli billegare, og at det bilen køyrer på skal vera fornybart, la han til.

Vil ta betre omsyn til distrikta
– Det som blir heilt gløymt er at det er andre omsyn som må takast omsyn til, sa Erling Laugsand, leiar i Senterungdommen.

Han seier han kan vera med på å auka avgifta på drivstoff, men at det skal ta geografiske og sosiale omsyn.

LES OGSÅ: Klimapolitikken vrir venstrepolitikarar til høgre

Sjå debatten her: