– Norske menn jaktar i flokk og oppfører seg som rovdyr

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Menn oppfører seg som rovdyr

Først publisert på Porten.no.

Oslo: Representantar frå fleire politiske parti tok til ordet for å betra rettstryggleiken for kvinner etter at Andrea Voll Voldum (21) delte si valdtektshistorie.

– Eg får inntrykk av at når det kjem til valdtekt, så er det anten innvandrarar eller offeret sjølv som får skulda. Denne saka viser derimot det me alle veit, at Noreg har eit problem med ukultur som må handterast, sa Eivind Trædal frå Miljøpartiet dei Grøne.

Les også: Tusenvis støtta opp om Andrea Voldum (21) i Oslo

Hemsedalssaka har sett sinnene i kok i heile den norske befolkninga etter at tre vaksne menn vart frifunnen for å ha dopa ned og valdteke ei 18 år gammal jente etter tur.

Vanlege norske menn

– Kva slags vaksne menn er det som plukkar opp ei jente på 18 år og lokkar ho med på nachspiel?

– Kva for menn er det som skjenkar ho full og gir ho ein dødeleg dose narkotika og valdtek ho medan dei tek bilete og filmar?

Det skremmande faktum er at dette er vanleg norske menn. Norske menn som oppfører seg som rovdyr overfor norske jenter, som jaktar i flokk, slår Trædal fast.

Les også: Demonstrantane tok til tårene

Politikaren meiner difor det er viktig at folk no flokkar seg rundt offera og syner dei at dei ikkje står åleine og seier at me trur deg.

– Så lenge det finst menn som er i stand til å gjere slik overgrep og så lenge det finst folk som er villige til å frifinne dei for det, så må me halda fram med å rydda opp i eigen kultur. Det er me menn som har det største ansvaret for å rydda opp i dette her, seier han.

Offeret får skulda

Leiar for Venstres Kvinnelag, Amanda Schei, finn det også uforståeleg at mennene i denne saka ikkje har blitt dømt etter fleire truverdige vitneforklaringar og klare bevis.

– Mennene haldt fram med å sei at Andrea var frivillig med på dette. Me lev i ein valdtektskultur der mange har lett for å gi offeret skuld i eige overfall uansett kor absurd dette kan virke. Det er folk skil mellom "verdige" og "uverdige" offer, seier Schei.

For nokre vekar sidan fekk Schei ei melding frå ei venninne som hadde blitt valdteken. Ho enda opp med å måtte sy i underlivet. Likevel stod det i politirapporten at ho var rusa og utfordrande kledd.

– Valdtekt er valdtekt. Uansett om ein er jomfru eller sexarbeidar. Signala Hemsedalssaka sender ut kan ha ein veldig uheldig effekt. Venninna mi er fortvila og spør kva sjanse hennar sak har om Andrea sine overgriparar gjekk fri. Det er uhaldbart at så mange valdtektssaker vert henlagt eller ikkje føre til dom. Uansett dom, har me lov til å dømme, seier Schei.

Ho meiner det openbart har skjedd noko ulovleg og uakseptabelt den kvelden i Hemsedal.

– Andrea gjorde det valdtektsmenn fryktar

Leiar i Rødt, Bjørnar Moxnes, seier at det aldri er kvinna sitt ansvar at staden ho hamna på vart ein fare for ho eller at personen ho vart med heim vart farleg.

– Det er alltid gjerningsmannen sitt ansvar. Ingen andre. Andrea gjorde det alle valdtektsmenn fryktar, ho slo tilbake. Ho står rakrygga og kjempar for rettferd. Det gir håp, seier Moxnes.

Tre av ti norske menn meiner at kvinna har heilt eller delvis ansvarleg for valdtekta.

– Problemet ligger hos norske menn og det er her problemet må løysast. Det er ikkje dottera mi eg må ta ein alvorsprat med, det er sonen min. Det er ikkje berre meg som pappa som må ta ansvar, men også skulen. Grensesetting byrjar tidleg, seier han.

– Reiser ikkje på nachspiel for å bli valdteken

Stortingsrepresentant for Høgre, Heidi Norby Lunde, fortel i sin appell om gongen ho og venninna var på tur til Amsterdam og ho bestemte seg for å reise åleine med tre menn på nachspiel.

– Eg går ikkje på nachspiel for å bli edru. Eg går på nachspiel for å bli endå litt fullare og for å ha det endå litt meir gøy. Men eg går ikkje på nachspiel for å bli valdteken og eg fattar ikkje at det skal vere så jævlig vanskelig å forstå at ein ikkje reiser på nachspiel for å bli voldtatt, fortel ho.

I 1994 vart kvinnerettsboka "Pene Piker Haiker Ikke" publisert. Den handa om ein rettsak frå 60-talet der ein mann vart frifunnen for valdtekt av ein 16-åring fordi ho hadde haika heim etter ein fest. Retten meinte at "pene piker haika ikkje", så ho fortente det ho fekk.

– Denne haldninga følgjer oss den dag i dag. Sjølv om likestillinga og medvite rundt valdtekt har komme så mykje lenger takka vere dikka og ikkje alltid slike som meg, så har me komme langt, men ikkje langt nok. Me er ikkje ein mobb og me er ikkje borgarvern. Det skal me hugsa på når me snakkar om betre rettstryggleik for kvinner, så må ikkje det gå utover av den liberale rettsstaten. Det tenar verken offeret eller kampen på sikt, seier Lunde.

Slutt på juryordning

I 2005 vart det sett ned eit spesialutval som skulle finna ut kvifor så mange vart frifunnen for valdtekt. I fjor fekk KrF med seg eit stortingsfleirtal på å endra den eine tingen som vart identifisert som eit problem, nemleg juryordninga.

Denne ordninga skal erstattast me ein meddomsrett der fagdommarane skal vere i fleirtal.

– Det vil betra rettstryggleiken til kvinner. Men haldninga om at pene piker haiker ikkje har me framleis. Det er ikkje mange år sidan ein statsadvokat at det er forskjell på valdtekt og ”berre å ta seg til rette”. Nei, det er det å ta seg til rette som er valdtekt. Om ikkje me forstår det, så har me eit problem, seier Lunde.

Ho kjenner ho blir forbanna når ho høyre juristar går ut i media og tek til ordet for å senka strafferammene for valdtekt.

– Eg var ikkje valt inn på Stortinget for å senke strafferamma for valdtektsforbrytarar. Eg vart valt inn for å oppretthalda og betre rettstryggleiken for kvinner og det arbeidet skal me halda fram med saman. Det er haldningane det er noko gale med, ikkje strafferammene, seier ho.

Drøye tal

Det at mellom 8.000 og 16.000 kvinner vert valdteken kvart år. Det er det same talet som i ein vanleg norsk by eller tettstad. Det er alle som bur i Hønefoss eller Kongsvinger.

– Ein heil norsk by vert valdteken kvart einaste år. Desse tala er så drøye at dei er vanskelege å ta innover seg, seier Anette Trettebergstuen, Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Ho er forbanna fordi jenter stadig vekk får råd om korleis dei skal oppføra seg.

– At me må ha har tronge sykkelbukser på fest, at me ikkje må bli for fulle, ikkje gå å legge oss på festen, ikkje gå heim åleine – kvifor skal me finne oss i å høyra alt dette tulle her mykje oftare enn gutane må finne seg i å høyra at det overhovudet ikkje er greitt å ta seg til rette. Kvifor er det vårt ansvar å ikkje bli valdteken? spør ho.

Overgrep som rammar nokon, rammar alle. Kvart einaste overgrep øydelegg litt av den felles tryggleiken.

– Politikarane som jobbar bak oss må stillast til veggs og stillast ansvarleg. Me må sørgja for at valdtektssaker vert prioritert og etterforska betre og bevis må sikrast raskare. Me må kjempa mot øydeleggjande haldningar og me trenger ein meir offensiv likestillingspolitikk. Ap lovar å få desse tiltaka inn i politikken for å sikra rettstryggleiken, avsluttar ho.