Ferrante-suksessen held fram for Samlaget

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samlaget tener framleis stort på den anonyme forfattaren som går under det italienske pseudonymet Elena Ferrante.

Totalt har Samlaget seld 150.000 eksemplar av dei tre første bøkene til Ferrante, skriv Dagens Næringsliv. Dei to første bøkene selde for 15 millionar kroner i fjor, og salet utgjorde nærare 20 prosent av inntektene til forlaget.

Den anonyme italienske forfattaren er blitt ein internasjonal suksess, og er omsett til 29 språk. I Noreg er det Samlaget som har sikra seg rettane til den italienske forfattaren, som skulle vise seg å vere gull verd.

Dei to fyrste bøkene i kvartetten utgjorde nesten ein firedel av inntektene til forlaget på boksal i 2015, og er den største suksessen i Samlagets historie. Den tredje boka kom i vår, og den siste i kvartetten kjem i oktober. (©NPK)

LES OGSÅ: Ferrante-bøkene blir tv-serie