Advokat fryktar færre valdtektsmeldingar
– Færre vil melde valdtekt etter at detaljar om Hemsedal-saka er spreidd i sosiale medium den siste veka, fryktar advokat.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fryktar færre valdtektsmeldingar
– Eg trur mange vil vegre seg for å melde valdtekt, rett og slett fordi dei fryktar at detaljar frå saka deira kan bli spreidd på sosiale medium. Det vi har sett den siste veka er skremmande, seier advokat og tidlegare påtalejurist i politiet Line Hvidtsten Ingebrigtsen til Bergens Tidende.
Ho trur at nokon vil melde valdtekt som følgje av debatten som har oppstått etter at tre menn blei frikjende for gjengvaldtekt i Hemsedal, men trur også at mange vil bli endå meir skeptiske til å melde.
– Dei ser at personopplysningar hamnar på sosiale medium, og eg veit av erfaring at det er skamlagt å vere offer for overgrep, seier Ingebrigtsen.
Ho meiner også at fleire valdtektssaker burde bli behandla i domstolane, i staden for å bli lagt vekk hos statsadvokaten.
– For at vi skal ta ut tiltale, må vi vere sikre og overtydde om at bevis held til domfelling. Dette gjeld i alle straffesaker. Vi skal gjere dei same vurderingane som domstolen, svarer førstestatsadvokaten ved Hordaland statsadvokatembete Eirik Stolt-Nielsen til avisa.
Han legg også til at den fornærma kan velje sjølv om ho eller han vil stå fram med namn, og dermed påverke kor mykje merksemd saka får. (©NPK)