Den globale oppvarminga vil føre til at det kjem meir nedbør og kraftigare byer i framtida.

NPK
NPK

Ein fersk rapport frå det amerikanske meteorologiske instituttet viser at 2015 var det varmaste året globalt sidan målingane starta. Samtidig har temperaturen i havet aldri vore høgare og havnivået er rekordhøgt som følgje av at isen smeltar i Arktis, ifølgje rapporten som er basert på bidrag frå meir enn 450 forskarar frå 62 land.

Funna i rapporten er som venta, seier seniorforskar Borgar Aamaas i Cicero Senter for klimaforsking til Stavanger Aftenblad.

Dei globale klimaendringane vil også kunne merkast lokalt, og det er dårleg nytt for regnleie vestlendingar.

– Det kjem meir og meir nedbør, og byene blir sterkare og kraftigare. Klimaendringane vil kome til å fortsette, og då er det på Vestlandet vi får ein kraftig vekst i nedbøren, seier Aamaas til avisa.

Nedbøren i Noreg har auka med rundt 20 prosent frå år 1900 til i dag. Den neste 100-årsperioden er det venta ein auke på nye 20 prosent, noko som betyr at nedbøren dei neste tiåra kanskje vil gå opp med rundt 5 prosent. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11
ANNONSE