Fleire meddommarar ønskjer å trekkje seg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Redde dommarar trekkjer seg

Borgarting lagmannsrett har fått fleire telefonar frå meddommarar som ønskjer å trekkje seg, etter at dommarane som frikjende tre menn for gruppevaldtekt, har vorte utsette for hets.

Det melder NRK. Ifølgje 1. lagmann i Borgarting lagmannsrett Ola Dahl kjem av det frykt for å sjølv bli hengt ut for noko liknande.

– Dei blir jo redde. Dei tenkjer jo sjølvsagt at dei kanskje vil bli utsette for noko liknande. Dette vil dei ikkje vere med på, seier Dahl til kanalen.

I går viste ein meddommar i Andrea-saka som har blitt hetsa, fram eksempel på trusselmeldingar til TV 2.

«Du er en grusom person», «Håper du blir utsatt for voldtekt» og «Hvordan kan du vise deg offentlig». Dette er nokre av meldingane som er sende dei siste dagane.

– Eg hadde aldri sett for meg ei slik spreiing, og det er ikkje ok, skreiv meddommaren i ei tekstmelding til kanalen.

I tillegg til at medlemmer trekkjer seg er også Domstoladministrasjonen redde for at hetsen kan føre til problem med å rekruttere framtidige medlemmer.

– Meddommarar utfører eit samfunnsoppdrag. Hets og sjikane er ikkje på sin plass, sa Erling Moe, kommunikasjonsdirektør i Domstoladministrasjonen, til NTB.

Mange medlemmer har også avstått frå å stille på nytt. Førre veke kom det fram at berre halvparten av medlemmene i kommunane rundt Drammen ville stille til attval. (©NPK)