Situasjonen i dag er heilt absurd! skriv Johanne Malene Ekeland Valvatne (16) om Hemsedal-saka.

Johanne Malene Ekeland Valvatne
Johanne Malene Ekeland Valvatne

Ein av ti. Kjenn litt på dei tala. Det er talet på valdtektsramma kvinner her i landet, ifølgje politiet. Når halvparten av Noregs befolkning er kvinner, utgjer dette eit stort samfunnsproblem. Sjølv om det hadde vore 5 prosent, eller 3 prosent, eller til og med berre 1 prosent av kvinnene, hadde det framleis vore eit stort samfunnsproblem. For det er nett det det er. Dette er eit samfunnsproblem. For i samfunnet vårt i dag er ofte dei første spørsmåla ein stiller når ein høyrer om valdtekt:

«Kva hadde ho på seg?»

«Hadde ho drukke?»

Kor mange gongar har ein ikkje høyrt «ho ba om det» eller «ho ville det»?

Ein ting kan eg seia. Det gjorde ho ikkje.

Ingen ber om å få kontrollen sin teken vekk. Ingen vil føle seg liten og hjelpelaus. Ingen ber om valdtekt. Men i dag har me noko me vil be om. I dag ber me om rettferd. I dag ber me om forandring. Det er derfor me er her alle samen. Fordi me veit at det er feil. Fordi me veit at 74 prosent av sakene ikkje blir oppklara. Og er det rettferd? Er det tryggleik?

Og rettferd er det ikkje før jenter kan gå aleine heim frå byen eller frå ein venn. Rettferd er det ikkje før ein ikkje treng å vere redd når det blir mørkt. Rettferd er det ikkje før jenter kan føle seg trygge i sin eigen heim, rundt sin eigen krets. Rettferd er det ikkje før ein dom har kome.

Men ein dom fell ikkje alltid slik den skulle eller burde. Til og med når bevisa ligg klare, kjem ikkje dommen. Berre sjå på hemsedalsaka. Tre menn blei frifunne etter å ha tilstått å ha dopa ei 18 år gammal jente ned med dødeleg dose av kokain og MDMA, og dei tilstod og å ha hatt seksuell omgang med jenta. Kva moglegheit hadde den jenta til å seia nei? Korleis kunne ho åleine stoppe dei tre?

Me høyrer ofte born seia «3 mot 1 er urettferdig» og i denne samanhengen har dei heilt rett. tre mot ein, er utrulig feigt og urettferdig: Når ei slik sak ender med frifinning, kva signal er det me sender til samfunnet vårt då? At det er ok å valdta nokon fordi du ikkje vert dømd likevel. Kva tryggleik kan me som kvinner føle då? Me blir fortald at det som er rett å gjere, er å melde frå. Men kven vil melde frå når det er slik utfallet blir?

For valdtekt er noko av dei mest alvorlege formene for fridomsfrårøving som finst. Å ikkje kunne bestemme kven ein skal ha sex med. Eller la meg omformulere det: For valdtekt er ikkje sex, valdtekt er grov psykisk og fysisk vald. Og det at nokon utset andre for dette er noko me ikkje kan akseptere under nokon omstende.

I Noreg har me eit godt rettsystem. Det skryt me av ofte. Men likevel er det nokon dette systemet sviktar. Og ofte er det saker slik som denne som blir svikta. Så ofte faktisk, at offera ofte ikkje melder sakene inn eingong, fordi det er så psykisk krevjande å gå gjennom denne prosessen, og saka deira kjem til å ende opp i den evig lange «uoppklåra»-haugen på politistasjonane rundt om i landet.

Det er klart at noko må gjerast, og det fort! Situasjonen i dag er heilt absurd!

Når dei to alternativa som det ser ut som me har i dag, er anten a) senke straffene for at folk lettare skal bli dømd eller b) ta til takke med at gjerningsmenna ikkje vert dømd, er det heilt surrealistisk at me snakkar om Noreg. For å senke straffene er ikkje det tiltaket som må til. For staffene i dag er faktisk ikkje noko særleg strenge. Det som må til er ei drastisk, strukturell haldningsendring her i landet. For ei kan ikkje berre plastre, og håpe at infeksjonen går bort. Nei, den må behandlast.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE