Vil pressa Arbeidarpartiet til å gå til val på høgare skattar.

mm

Sommarleiren til AUF opna torsdag. AUF-leiar Mani Hussaini opna leiren. I talen tok han til orde for høgare skattar:

– Etter 4 år med Siv Jensen treng me store endringar i fordelingspolitikken. For det er ikkje godt nok at forskjellane ikkje skal auka. Dei må reduserast. Då må dei med breiast skuldrar bera tyngst, sa han i talen.

– Eg høyrer valstrategar og andre synsarar meina det er vanskeleg å vinna val på å auka skattane. Men i AUF gjer me ikkje ting fordi det er enkelt, heldt han fram, og understreka at han meiner folk er villige til å betala meir i skatt for betre velferdsgoder.

Det er andre gong ungdomspartiet arrangerer sommarleir på Utøya etter terroren i 2011, då 69 av leirdeltakarane blei drepne på øya.

Workshops, debattar, fotballkampar og konsertar står på programmet.

Temaet for sommarleiren i år er «Vi byggjer landet for framtida». Onsdag ettermiddag blir temaet innleidd med ein samtale mellom Aps nestleiar Hadia Tajik, historikar Hans Olav Lahlum og tidlegare LO-leiar Yngve Hågensen under vignetten «Har vi eigentleg bygd landet? – eit skråblikk på historia til arbeidarrørsla».

Andre gjestar på årets leir er Sveriges statsminister Stefan Löfven, fleire Ap-toppar, tidlegare AUF-leiar Eskil Pedersen, komikar Harald Eia, skodespelar Ulrikke Falch kjent som Vilde i NRK-serien Skam, i tillegg til NHO-leiaren og LO-leiaren.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

ANNONSE