Sløve sjåførar gir mange fleire ulukker

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Svært urovekkjande auke

Talet på omkomne i trafikken har auka kraftig hittil i sommar. Berre i juli månad har 22 omkomme på vegane, sju fleire enn i same periode i fjor.

Ukonsentrerte sjåførar er hovudårsaka, meiner Trygg Trafikk. Totalt har 85 personar mista livet på norske vegar i år. På same tid i fjor var talet 62.

– Utviklinga er svært urovekkjande. Det er djupt beklageleg at vi har lagt endå ein sommarmånad bak oss med høge dødstal. For kvar av dei drepne sit det igjen pårørande som har fått livet snudd opp ned, seier seniorrådgjevar Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk.

LES OGSÅ: Mange dødsulukker skuldast dårleg sikt

– Berre i juni og juli har 38 omkomme. Strekningar med mykje sommartrafikk er naturleg nok mest utsette, seier Johansen.

Møteulykker og utforkøyringar utgjer størsteparten av ulykkene. Uoppmerksemd er medverkande årsak i rundt ein tredel av trafikkulykkene.

– Trøytte og ukonsentrerte førarar er livsfarlege sjølv om dei held fartsgrensa. I tillegg ser vi at menn i aldersgruppa 18– 24 og 45– 64 utmerker seg særleg negativt. Risikoen minkar vanlegvis med aukande alder, men mange i denne gruppa oppfører seg ikkje alltid like vakse bak rattet, meiner Johansen. (©NPK)