Mange dødsulukker skuldast dårleg sikt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hekkar kan vera dødsfeller

Tre av ti dødsulukker på sykkel skuldast dårleg sikt. Ofte er det hekk, buskar og vegetasjon som hindrar oversyn.

– Me oppmodar til ein felles dugnad i lokalmiljøet for å betre sikta ved avkøyringar til private eigedomar. Dette er spesielt viktig no før skulestart. Det kan forhindra ulukker og redda liv, seier prosjektleiar Signe Gunn Myre i Statens vegvesen.

Du har sjølv ansvar for at det er fri sikt frå avkøyringa di til veg eller sykkelveg. Du må sørgja for at hekk og buskar ikkje er høgare enn 50 cm over gateplan.

Vegvesenet sine analysar av dødsulukker på sykkel viser at dei alvorlegaste ulukkene skjer fordi syklisten blir oversett sjølv om det er fullt dagslys. Det kan skuldast at syklisten hamnar i blindsona til store bilar, gløymer å gje tydeleg teikn, har på seg for mørkt tøy eller slurvar med å bruka lys og refleks.

I 34 prosent av ulukkene skuldast dødsfallet altfor dårleg sikt. Det kan vera gjerde, terreng eller vegetasjon som hindrar sikta. Vegetasjon åleine hindra sikta i 13 prosent av ulukkene.

Faktaboks

Dødsulukker på sykkel:

3 av 10 ulukkene skuldast sikthindringar
5 av 10 ulukkene skjer i kryssingspunkt
6 av 10 ulukkene skjer der fartsgrensa er 50 km/t eller lågare
8 av 10 ulukkene skjer i dagslys