SV vil skrinleggja planlagde vegutbyggingar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SV vil skrinleggja vegutbyggingar

– Vi er heilt nøydde til å skrinleggja planlagde vegutbyggingar, seier Kaski til Dagsavisen.

I perioden 2014– 2017 skal det setjast i gang 62 vegprosjekt som kostar over ein halv milliard kroner, ifølgje avisa. Til saman er det snakk om fleire hundre kilometer med ny veg.

Kaski meiner at landet treng vegutbetringar, men at ein må unngå å auka kapasiteten, særleg rundt dei store byane.

– Det blir svært vanskeleg å nå klimamåla viss vi held fram å satsa på firefelts motorvegar i staden for jernbane og andre kollektivtilbod, seier partisekretæren. (©NPK)

LES OGSÅ: EU føreslår klimamål for Noreg som inneber 40 prosent kutt i utslepp frå transport og landbruk