– Hardingfele kan vere noko av det styggaste og noko av det vakraste

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hardingfele kan vere stygt og vakkert

– Eg trur musikken har noko ved seg som gjer at han ikkje kjem til å svinne hen, seier folkemusikar, folkedansar og skodespelar Margit Myhr.

Sjølv har ho gjort karriere av hobbyen og har inntrykk av at folkemusikkmiljøet berre veks og veks.

Det viktige fyrsteintrykket
Framtida møter 26-åringen på det årlege folkemusikkurset Strunkeveko i Valdres, der ho sjølv har delteke i mange år og no er attende som lærar i kveding.

– Mange av dei som ikkje driv med folkemusikk, har kanskje ikkje høyrt det før. Og om dei har høyrt det, så kan det vere at dei har høyrt noko som ikkje er så bra. Dårleg fyrsteinntrykk kan ein jo få av alt. Hardingfele kan både vere noko av det styggaste og noko av det vakraste som finst. Det spørst kven som framfører, seier Margit, som trur at dei som får eit godt møte med musikken, miljøet og festivalane vil kome attende.

Men mytane er der. Det er til dømes ikkje slik at folkemusikk og bunad alltid går hand i hand. Dei fleste folkemusikarar vel sjølvsagt vanlege klede når dei opptrer. Sjølv har Margit bunaden på seg berre når ho konkurrerer på Landskappleiken.

Les også vår reportasje frå Strunkeveko: – Det er det sosiale som gjer at folk driv med dette her

Folkemusikkfamilien
Og når me først er inne på Landskappleiken, har 26-åringen frå Torpo i Ål kommune i Hallingdal ein imponerande CV. Ho har nemleg delteke på alle – så nær som ein – landskappleikar sidan ho vart fødd.

Slik går det når ein er dotter av kvedar og dansar Gunnlaug Lien Myhr og folkedansar Martin Myhr, som har vore pådrivarar for folkemusikkmiljøet i bygda.

– Eg er miljøskada slik sett. Eg har vakse opp i ein skikkeleg folkemusikkfamilie og blitt drege med på alle festivalar og konsertar frå eg var lita. Så fort ein kan gå vert ein drege ut på dansegolvet og eg har høyrt veldig mykje på musikken, som har stått på platespelaren heime.

– Men har du hatt eitt ungdomsopprør?

Margit ler.

Sjølv om ho ikkje alltid var like enkel på vidaregåande, kan ho ikkje skryta på seg noko stort opprør. Folkemusikk har vore kult heile vegen.

– Alle ungdommar hadde helgejobbar, men det trong ikkje me som dreiv med folkemusikk, for me hadde oppdrag. Me song og dansa for turistar og tente ein del peng lokalt i Hallingdal.

Kvedarkvintett og soloframsyning
I år har ho platedebutert med Kvedarkvintetten, som i tillegg til Margit sjølv, består av veslesystrene Helga og Sina Myhr, samt nabojentene Silje og Tonje Risdal Liahagen.

I tillegg er Myhr aktuell med forteljarførestilling «Stilt trør kvinner i sørgedans», ei som hadde premiere på Riksscenen i februar og skal framførast på festivalar og ulike scener gjennom sommaren og hausten. Det er den første soloframsyninga hennar.

– Ein må alltid vere på. Det hjelper ikkje å sitja å venta på oppdrag. Ein må setja i gong nye prosjekt sjølv, som ein kan selja, er rådet hennar til andre som vil gjera kunstnarisk karriere.

Mannen på Ole Bull
Etter å ha gått teaterlinja på Romerike folkehøgskule tok Margit Myhr ein bachelorgrad på Ole Bull akademiet i Bergen. Der møtte ho hardingfelespelaren Erlend Apneseth, som ho er trulova med.

– Det er veldig greitt for då skjønar me kvarandre sitt liv. Det er i alle fall ein fordel for meg at han skjønar kva det går ut på, seier ho.

No har paret kjøpt seg hus på Ål, sjølv om Margit dei siste tre åra har ho arbeidd ein del på  Västanå teater i Sverige, etter å ha teke eit kurs i forteljande teater der.

Erlend Apneseth hardingfele
Erlend Apneseth speler til dans på Strunkeveko.

Kongepokal
Men tilbake til det årlege høgdepunktet: Landskappleiken, som for Margit er litt som jul.

Denne jula fekk 26-åringen ei ekstra stor gåve. Under Landskappleiken i Vågå tidlegare i år henta ho nemleg heim kongepokalen i vokal klasse A, som er eliteklassa i kveding, framfor utøvarar som var langt meir meritterte enn ho sjølv.

– Har det aldri vore vanskeleg å opptre?

– Jo, dess eldre ein vert, dess vanskelegare vert det. Då eg var 13 år gjorde det meg ingenting. Sjølv om eg var litt spent, så var det ikkje ubehageleg. Men no kan eg verta veldig nervøs i blant. Det kjem an på dagsformen og kva det er. I blant har ein ikkje lyst, men som oftast har ein lyst, seier Margit, som har innsett at ein berre må akseptera at det er greitt å vera nervøs.

Les meir om då Margit vann kongepokal: Margit kvad best i landet

– Alle heng med alle
Denne veka er ho lærar for åtte unge lovande kvedarar – alle jenter, ei kjønnsfordeling ho gjerne skulle sett at var litt jamnare.

– Kor mykje må ein øva for å bli god?

– Eg har veldig låg øvingsmoral, så eg har ikkje øvd så mykje, ler Margit.

Det er likevel ikkje verre enn at ho har lært seg både langeleik, lyre og fele, men nokon habil hardingfelespelar vil ho ikkje skryta på seg å vera. Det er songen som er hovudinstrumentet.

No er ho ferdig med dagens leksjonar, men enno ventar meir sosialt samvær i folkemusikkens teikn.

– Det som er fint med folkemusikkmiljøet er at alle heng med alle, så det er ikkje noko i vegen for å sitja å preika med nokon som er 50 år eldre enn deg. Ein kan sitja å spela saman med folk som er både yngre og eldre, og det synest eg er ein veldig styrke miljøet har. Men eg føler at det er dei yngre som dominerer miljøet no, seier Margit, som ser lyst på framtida for folkemusikken.

Les også om felespelar Mari Skeie Ljones, som har fått med seg seks samtidspoetar til å skapa ny sjanger: folkemusikkpoesi

Margit Myhr Strunkeveko
Margit Myhr har første året sitt som lærar på Strunkeveko etter å ha vore elev mange år.