Herleg med regn!

Malin Langøy Aarbø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sommar på Vestlandet er verkeleg ei undervurdert årstid. Og det er nok ikkje så rart. Med låge badetemperaturar, øsande høljevêr og til tider tåke tjukk som eit lappeteppe, skal det særdeles lite til for å nå ein tilstand av depresjon og keisamheit. Den såkalla «vêrsjuko» meldar seg. Saknet etter solsteiken blir for stort, og dei fleste klarar ikkje motstå freistinga til å flykta til varmare strøk.

Men kan det kanskje tenkast at både kropp og sinn har godt av litt nedbør innimellom? At det faktisk er mogleg å nyta sommartilværet trass i mangel på skyfri himmel?

Ja, det vil eg påstå. Forhåpentlegvis til glede for alle som blir verande på Vestlandet i sommar. Så no skal du høyra.

På mange måtar er regn den beste katalysator for avslapping og rekreasjon. Tenk berre på desse stakkars menneska som reiser til solfylte land kvar einaste sommar; det er mykje førebuing som ligg bak! Først må du barbera beina og klippa håret. Så må du ta solarium fire veker før for å unngå å sjå ut som ein hummar. Musklar må trenast opp slik at folk du ikkje kjenner skal tru du er godt trena heila året. Huset må vaskast nøye sidan du ikkje skal opphalda deg der uansett. Deretter må du bruka drøssevis av energi på å booka ein ferie utanom det vanlege, for her skal ferien nytast til det fulle. YOLO. You Only Live Once. Mest mogleg skal skje på kortast mogleg tid. Og har du ein dårleg dag eller er i noko lunkent humør, får du høyra det. Du kan jo ikkje trakka rundt og klaga når du er på flott ferie. Ikkje alle menneske i verda er så heldige at dei får oppleva sol.

Høyrest bedageleg ut, sant?

Men når dråpane står som verst på vindaugsruta og skydekket ballar på seg, vil ingen dømma deg for å sakka ned tempoet littegrann. Du kan sova frampå. Du kan somla bort dagen på å eta eit herleg frukostmåltid. Du kan daffa rundt i din styggaste pyjamas med håret til alle kantar. Du kan sjå film i fleire timar med godt samvit eller endeleg ta deg tid til å lesa den boka som du hadde planar om for godt seks månadar sidan. Eller du kan gjera absolutt ingenting og tillata deg sjølv å vera litt asosial for ein gongs skyld.

Alt dette er greitt – i regnvêr set du dine eigne grenser for stimulering. Alt er lov. Ingen ser ned på deg. Du blir ikkje rekna som lat eller stakkarsleg viss du vel å feriera heima og slappa av. For det er vel det ferien eigentleg handlar om?

Og skulle du likevel høyra til fleirtalet av rastlause sportsidiotar, jobbnarkomane og aktive småbarnsforeldre som ikkje er i stand til å sitta roleg, treng du ikkje fortvila då heller. Kle på deg anorakken og ta deg ein våt fjelltur. Inviter dine næraste på middag og vin. Fullfør oppussinga innandørs som du elles aldri tenkjer over. Fordelen med nedbør er nettopp at det alltid er noko å driva dagane framover med, sjølv om kreativiteten av og til sit ein stoppar for vår evne til å innsjå dette. Aktivitetsnivå og personlegdom har ingenting å seia. Du berre gjer akkurat det du har lyst til. Så lenge sola ikkje tittar inn glasruta, er det ingen som bryr seg om urealistiske forventningar og liksom mislykka sommardraumar.

Summer Rain.
Om sommaren kan ein nyta regnet frå den tørre sida av ruta. Illustrasjonsfoto: Ulrich Paltzer, Flickr.com

Ein regnfull ferie kan dessutan skapa gode moglegheiter for å bli kjend med seg sjølv på ein annan måte. Å rett og slett ta seg mot til å kjenna etter når uvante kjensler og skumle tankar dukkar opp. Å gi ærlege tilbakemeldingar på året som har gått. Du skjønner, er det éin ting me menneske er utruleg flinke til, så er det å flykta frå kvardagslege utfordringar. Den dagen du ikkje strekker heilt til i jobbsamanheng, når livet på heimabasis går sånn halvvegs på tverke og du byrjar å bli rimeleg dritlei på godt norsk – kva gjer du då? Jo. Du reiser til Spania. Du skyv problema under teppet. Du skuldar på regnet.

Misforstå ikkje no. Eg formanar ingen om rett og gale. Tvert om gjer eg som regel det same sjølv dei dagane livet går meg i mot. Eg er heller ikkje negativ til å reisa til Spania. Avbrekk og miljøskifte kan definitivt ha sine positive sider.

Men det er noko med det, altså. Av og til treng me å ha det skikkeleg keisamt. Det er så langt frå komfortsona som me lev i til vanleg, midt oppi jag og mas og distraksjonar og sjølvpåførte krav. Først når du sit og stirar på regnet tar du deg i å reflektera. Tenka over kva du innerst inne lengtar etter. Og det er ikkje akkurat ein hemmelegheit at regnet passar godt i hop med sentimentalitet og anna ekkel grums frå undergrunnen (sånt som psykologar og diverse amatørskribentar som meg sjølv gjerne likar å dra nytte av). Grev du djupt nok finn du kanskje fram til ressursar og prioriteringar du ikkje visste om?

I beste fall finn du ein fantastisk ro i ditt eige selskap som du kan bruka til å komma ovanpå etter ferien er ferdig. Ingenting er betre enn plenty av overskot.

Sist men ikkje minst har regnet mange andre fordelar samanlikna med «finvêr»: det blir mindre støvtørking når sola ikkje står på vindauget. Du slepp å vaska måkeskit frå bilen og vatna tusenvis av plantar som du har ståande i hagen. Du slepp å bruka solkrem. Du treng ikkje dusja fem gongar til dagen fordi du sveittar som ein gris. Faktisk treng du ikkje dusja i det heila, berre still deg ute på terrassen. Og du treng ikkje bekymra deg for å gå glipp av tid med småtrolla dine: her må du innfinna deg i felles innetid anten du vil eller ikkje!

Sommar på Vestlandet er verkeleg ei undervurdert årstid.

Lyst på fleire ferietips? Les også desse sakene:

Ofte kan du finne det beste reisemålet på omvegen

Færøyane har meir å by på enn sau, fugl og små glimt av sol

Naturmøteplassar i nærmiljøet er blitt ein suksess