Dyrepolitiet gjer at fleire saker blir melde
Prøveprosjektet med dyrepoliti i Sør-Trøndelag har ført til at fleire saker blir melde til politiet og at færre saker om dyrekriminalitet blir lagt bort.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Prosjektet starta i august i fjor og skal vara i tre år. Så langt har det hatt god effekt, fortel stasjonssjef Arve Nordtvedt ved Sentrum politistasjon i Trondheim til Nationen.
– Ordninga har gjort at vi har øyremerkt fleire etterforskarar og påtalejuristar til dyresaker, noko som har bidrege til at vi har auka kapasiteten på etterforskinga av dyrevelferd, seier Nordtvedt.
Samtidig har merksemda rundt den nye eininga ført til at talet på melde saker har auka.
Talet på dyrekrimsaker som blir lagt bort har gått ned, noko Adresseavisen tidlegare har omtalt. Dyrepolitiet skal etterforska og straffeforfølgja brot på dyrevelferdslova, både innan husdyrhald og med kjæledyr. (©NPK)
LES OGSÅ: Dyrepoliti får øyremerkte pengar frå regjeringa
Fleire saker om dyrevelferd: