Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) får kjeft.

NPK-NTB-Kristine Hoff
NPK-NTB-Kristine Hoff

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) støttar Hillary Clinton i valkampen. – Det kan vera problematisk at han snakkar høgt om det, seier ein statsvitar.

– Som toppolitikar, i alle fall statsråd, er det mest ryddig å ikkje flagga sympati eller antipati overfor ein sannsynleg statsleiar. I internasjonalt samkvem skal jo gjerne partipolitikken stoppa ved landegrensene, vi skal innretta oss på same måten til ein president Trump som ein president Clinton, seier stipendiat Hilmar Langhelle Mjelde ved Universitetet i Bergen til NTB.

Tidlegare tysdag uttalte Helgesen, som er til stades på landsmøtet til Demokratane i Philadelphia, at han håpar Clinton vinn valet.

– Lov å ha meiningar
Helgesen avviser kritikken. Han skriv i ein e-post til NTB at han må få lov til å støtte Clinton.

– Ei regjering bør ikkje ha ei offisielt syn på kven som skal bli stats- eller regjeringssjef i eit anna land. Men som politikar må ein ha lov til å ha meiningar, sjølv om ein er statsråd, skriv Helgesen.

– Som fagstatsråd kan eg heller ikkje underslå at den amerikanske leiarskapen i

klimapolitikken har vore heilt avgjerande, ikkje minst for å få til Parisavtalen. Det er svært tvilsamt om slik leiarskap vil halde fram med Trump som president, forklarer klima- og miljøministeren.

Ambassadør
– Det er ikkje hemmeleg at Noreg heiar på Clinton. Ho er nærmare oss politisk, seier Langhelle Mjelde.

Samtidig kan det by på utfordringar at toppolitikarar har flagga støtta si for henne dersom ho taper og Trump blir president.

– Når Noreg eventuelt skal ta imot ein amerikansk ambassadør utnemnd av Trump bør ikkje vedkommande føla at han eller ho kjem til eit land der politikarane er svært skeptiske til han eller henne og den nye presidenten, seier statsvitaren.

– Ikkje fordøm
Juridisk talsmann for Framstegspartiet Ulf Leirstein er ein av få norske politikarar som har sagt at han ville stemt på Trump. Han meiner måten ein flaggar støtte på kan vera problematisk.

– Nokre fordømmer jo nærmast Trump, og det kan bli vanskeleg dersom han blir vald.

Leirstein meiner norske politikarar bør vera forsiktige med å kritisera han før valet.

– Noreg er avhengig av eit godt forhold til USA. Det er lov å seia at ein støttar Clinton, men ein kan ikkje seia at ein nærmast hatar Trump. Det trur eg ikkje er så lurt, seier Frp-aren.

Bør ikkje blanda seg
Partikollega og stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde (Frp) har fleire gonger uttalt at han ikkje synest norske politikarar skal blanda seg inn i den amerikanske valkampen.

– Det er klart at Noreg ikkje har noko med dette å gjera. Ein kan ha si personlege oppfatning, men eg synest ikkje ein skal gå ut med det. No fekk jo Børge Brende (H) spørsmål om dette for to månader sidan, og svaret var at Noreg vil kunna ha eit godt forhold til USA uansett kva president dei får, avsluttar Tybring-Gjedde.

NTB har tysdag vore i kontakt med Helgesen, som førebels ikkje har hatt høve til å kommentera saka. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

Kommentarar

ANNONSE