22. juli 2011 vil alltid bli hugsa som ein av dei verste dagane i Noregs historie.

Line Omland Eilevstjønn, VTB.no
Line Omland Eilevstjønn, VTB.no

Først publisert på VTB.no.

Kvar var du 22. juli 2011? Det er eit spørsmål dei fleste nordmenn kan svare på utan å nøle. For tidlegare Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid og ungdomsmiljøarbeidar Tor Øystein Gravdal er det heller ikkje vanskeleg. I dag førebur dei seg på morgondagens markering av at det er fem år sidan tragedien på Utøya. Her fortel dei om dei lange timane, dei endå lengre dagane i etterkant og korleis dei hugsar Eivind Hovden, den engasjerte gladguten frå Dalen som blei frårøva framtida si då han berre var femten år gamal.

Hilde Alice Vågslid, AP-politikar og butikksjef på Coop på Dalen, sat i bursdagsselskap hjå far sin og såg på fjernsynet med tungt hjarte.

– Eg var heime på Dalen på arbeid då me høyrde at det hadde skjedd noko i Oslo. Eg blei veldig redd, for eg hadde ei dotter som var på veg inn dit. Det fyrste eg gjorde var å lokalisere ho, men ho var heldigvis berre i Drammen. Far min har bursdag 22. juli, så resten av dagen sat me heime hjå han og følgde med på fjernsyn. Der blei me heile helga. Ekstra vondt var det sidan me hadde ein frå Dalen som var der. Far hans informerte oss om at han ikkje var gjort rede for.

– Korleis hugsar du Eivind Hovden?

– Eivind var ein blid og triveleg ungdom. Eg hugsar at han gjekk mykje med caps, og ofte med ei colaflaske i baklomma. Han var innom butikken ein del. Det som slo meg mest var kor blid og samfunnsengasjert han var. Han reiste åleine til Utøya, og kjente ingen som skulle. Det seier mykje om engasjementet hans.

– Korleis synest du Tokke-innbyggjarane takla det å miste ein av sine eigne?

– Eg synest det viste at me stod saman. Det blei arrangera eit fakkeltog. Eg hugsar så godt synet av heile Dalen fylt med faklar. Det som skjedde rørte heile Dalen og Vest-Telemark, og midt oppi det forferdelege greidde me å stå saman. Då me fekk vita at Eivind ikkje kom heim hadde me minnesamvær på Elvarheim. Der heldt eg ei tale, og familien hans sat på fyrste rad. Det er det vanskelegaste og vondaste eg har gjort. Den absolutt vanskelegaste tala eg har halde. Det blei avtalt at alle skulle ha på seg dei raude AP-skjortene, fordi Eivind reiste i den. Og så kom far hans i den same. Det var tøft. Det er eit slag å miste ein ung gut, og særleg på den måten. Det er framleis uverkeleg. Eg kjenner eg får ein klump i magen når eg tenker på det. Ein kan berre prøve å førestille seg korleis dei nærmaste har det.

– Korleis blir markeringa ved Elvarheim i morgon?

– Det blir ei enkel, men verdig minnemarkering. Me må aldri gløyme det, så dette er verkeleg verdt å markere. Tidlegare år har vore litt meir stillferdige med enkel blomsternedlegging, sett bort frå det fyrste året. Då markerte me litt meir. Men no er det femårsmarkering over heile landet, og då ville me bli med på det.

Tor Øystein Gravdal, som er ein kjend og kjær ungdomsmiljøarbeidar i Tokke kommune, var på ferie i Italia då alle heime i Noreg samla seg framfor fjernsynsskjermane i vantru.

– Mor mi ringte og sa det var noko som hadde hendt i Oslo. Då fekk me ikkje vita så mykje før neste dag, men me forstod at det var noko gale. Neste morgon vakna me til kaoset, og eg kjende på at eg gjerne skulle vore heime den dagen. Me kom ikkje heim før 24. juli. Eg visste at Eivind var der, og det tok ikkje så lang tid før kriseteamet i Tokke ringte og sa at han var sakna. Då me kom heim reiste eg rett på jobb på Elvarheim, og sat der med ungdommane. Det blei ein samlingsstad. Det var tungt for alle, både unge og vaksne, seier han.

– Korleis takla ungdommen på Dalen å miste Eivind?

– Dei takla det. Dei hadde sitt, nokon tok det tyngre enn andre. Me prøva å vera der for alle saman, til stades for dei som trengte oss. Me forstod fort kven som trong meir hjelp enn andre. Unge er flinke til å gå vidare. Men det er nok tyngre for mange enn det kanskje ser ut til.

– Korleis hugsar du Eivind Hovden?

– Eg kjente Eivind veldig godt. Han var eit ja-menneske. Aldri nei. Han ville vera med på alt, og stilte opp på alt. Han hadde eit engasjement som ingen andre hadde, innan musikk og det meste anna. Me kjenner alle på eit verkeleg stort sakn. Difor er markeringa i morgon så viktig. Me må aldri gløyme det som skjedde.

Les også: Leiar i AUF Vest-Telemark, Stian Vee Straand: Me må ikkje gje etter for det som skjedde 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE