«Endeleg er eg arbeidslaus. Dette er ein open jobbsøknad til absolutt alle»

Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Endeleg er eg arbeidslaus»

Det å ha fast arbeid eller ei såkalla trygg stilling, helst på heiltid, er eit ideal i samfunnet vårt. Med åra kan ein kanskje jamvel stige i gradane, få større ansvar på arbeidsplassen, betre løn, ein finare tittel. Det er jo bra for samfunnet at det innan alle bransjar finst folk med interesse for og evne til å spesialisere seg og oppnå høg kompetanse, og ikkje minst at nokon har vilje til å ta leiaransvar.

For min eigen del må eg likevel seia at tanken på å arbeide eit heilt liv innan éin serskilt sektor, fortonar seg som klaustrofobisk. Det høver meg difor godt at eg no har kome meg ut av éin type arbeid, som eg har drive med så lenge som halvtanna år, og at eg endeleg igjen står utan konkrete planar for vidare yrkesengasjement: Eg veit ikkje kva framtida vil bringe, og det er det som gjer henne interessant.

Open for alle jobbar
«Grace to be born and live / as variously as possible,» står det på gravstøtta til den amerikanske poeten Frank O’Hara, som unekteleg levde svært variert, iallfall inntil han døydde i ein alder av 40. Det er eit godt mantra, men det er vanskeleg å etterleva i praksis. For ein treng jo litt pengar i livet, og bør helst ikkje snylte på andre, så ein må helst arbeide, men for å få arbeid må ein helst ha ei utdanning retta inn mot arbeidet ein søkjer seg, og endåtil røynsle frå tilsvarande typar arbeid. Slik hamnar ein fort i den vonde sirkelen der ein utdannar seg innan eitt fag, og deretter arbeider med det same faget dag etter dag etter dag, inntil ein blir pensjonist og døyr.

I eit forsøk på å unnsleppe, på å leva opp til O’Haras mantra, leverer eg med denne teksten ein open jobbsøknad til absolutt alle. Inspirasjonen min har ikkje minst vore ein jobbsøknad eg las om i Édouard Levés briljante Sjølvportrett, sendt av ein slektning av forfattaren til styraren på ein fransk vingard: «Eg kan ingenting om vin, men eg er svært intelligent.» Han fekk jobben. No vonar eg at du, kjære arbeidsgjevar, vil vera like imøtekomande ovanfor meg.  

Kort om meg
Kort om meg som person: Forutan å vera relativt intelligent, er eg faktisk nokså sympatisk. Eg smiler alltid, ofte utan god grunn, og difor siklar eg også lite. Eg er positiv inntil det ukritiske, tolmodig inntil det likesæle, og pragmatisk inntil det lettsindige.

Eg er tidvis velkledd. Eg har eit avslappa forhold til alkohol og andre rusmiddel, ligg alltid langflat på golvet allereie tidleg på kvelden.

Eg har ein plettfri vandel, og ei langt utvikla evne til å intrigere og bryte lover og reglar utan å bli oppdaga. Samstundes har eg eit utmerkt forhold til gudar og andre autoritetar, og lett for å innordne, for ikkje å seia innynde meg. Eg er flink til å gå rundt grauten, og tala med kløyvd tunge eller beint fram lyge når det trengst. Eg har førarkort, men er aller sterkast som fotgjengar.

Eg har spelt bridge med eldre britiske fruer mot betaling
Kort om arbeidsbakgrunnen min: Den fyrste jobben min fekk eg som tiåring av den sterkt religiøse far min. Då gjekk eg på dørene og selde safran til inntekt for forfylgde kristne i Iran. Deretter vart eg tolk frå engelsk til norsk, for afrikanske svovelpredikantar som talte på kristne møte i Noreg.

På ungdomsskulen livnærde eg meg ved å skrive nynorskstilar for medelevane mine, som ofte fekk gode karakterar på desse innleveringane. Samstundes fekk eg ein sumarjobb der eg blanda og fordelte kort til bridgeturneringar. Stillinga innebar òg å setja klistermerke på mappene som korta skulle liggje i. Det eine førde til det andre, og plutseleg var eg bridgeprostituert i London, der eg mot betaling spela bridge i partnarskap med eldre britiske fruer. Så eg forstår meg godt på kvinner. Men i ein periode skreiv eg dessutan bridgespalta i herrebladet «Vi menn», så eg forstår meg godt på menn òg. Etter kvart flykta eg til Finnmark, der eg opererte som vaffeljournalist i ei samisk avis. Parallelt rydda eg skog og produserte ved, og var dessutan fuglekikar.

Alt eg ikkje har gjort før, er relevant
Kva slags arbeid eg er interessert i: Alt eg ikkje har gjort før, er relevant. Eit eller anna av teoretisk art vil kanskje vera det beste. Bokstavar er eg nemleg ganske flink med, og eg kan òg handtere tal så lenge dei er heile, eller har maksimum éin desimal. Addisjon, subtraksjon og multiplikasjon høver meg bra, men divisjon er eg noko veikare på. Arbeidet kan òg vera av praktisk art, då treng eg berre litt opplæring, verneutstyr og tilsyn.

Sant å seia vil eg gjerne arbeide utandørs, iallfall når det ikkje er altfor kaldt eller varmt. Eg har heller ingenting imot å arbeide med menneske, så lenge dei ikkje både er valdelege og større enn meg. Dyr liker eg i utgangspunktet godt, iallfall dei meir grasiøse dyra, som kattar, gasellar og svaner. Arbeidstida kan vera når som helst, og arbeidsstaden kvar som helst. Løna kan vera låg, men det er fint om eg ikkje går i minus.

Eg ser fram til å høyre frå dykk, og på førehand takk for det gode samarbeidet.