Venstre opnar for kjønnskvotering til studium
Får motbør frå Høgre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil gi ekstra poeng til menn
Venstre opnar for kvotering for å sikra at både kvinner og menn blir godt representerte på fleire studium.
– Det er eit omstridd verkemiddel, men eg tenkjer at det gjev eit tydeleg signal om at her ønskjer vi ein betre kjønnsbalanse, seier stortingsrepresentant Ketil Kjenseth (V) til Klassekampen.
Regjeringa har sendt forslag til endringar i opptaksreglane på høyring. Høyringsinstansane blir oppmoda til å vurdera kvotering opp mot tilleggspoeng basert på kjønn.
Utdanningspolitikar Henrik Asheim (H) seier han er skeptisk til både kjønnspoeng og kvotering.
LES OGSÅ:Ap vil gi gutane kjønnspoeng i helsefag
– Når vi ser at kjønnsbalansen er som han er, har vi denne høyringa for å få svar på kva ein bør gjera og korleis, seier han til avisa.
Institusjonane har høyringsfrist til 2. september. Kunnskapsdepartementet fortel at partiet får eit svar ved juletider. (©NPK)
Venstre opnar for kvotering for å sikra at både kvinner og menn blir godt representerte på fleire studium.
LES OGSÅ: Kjønnspoeng – og til menn