Solberg: – Vi har vore litt naive

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg har klart å verne om demokratiet etter 22. juli, men har ikkje vore flinke nok til å ta kampen mot ekstremisme, seier statsminister Erna Solberg (H).

Meir demokrati og openheit, men aldri naivitet, var svaret til Noreg etter 22. juli.

– Eg trur vi har klart å stå samla og verna om demokratiet, seier statsminister Erna Solberg til NTB.

Men ho meiner, trass i mange gode tiltak i Kommune-Noreg, at vi ikkje har vore flinke nok til å ta kampen mot ekstremisme.

– Det gjekk litt ut av synshorisonten ei stund etterpå. Og vi har sett meir ekstreme haldningar i samband med migrasjonsbølgja og terror i andre land. I så måte har vi vore litt naive, seier statsministeren. (©NPK)