Kan du gjetta kva song det er?

mm
Faktaboks

Topp 10 mest spelte songar, «norsk på norsk» (speletid T:M:S):

«Riv i hjertet», Sondre Justad (78:52:19)
«Pinne for landet», Freddy Kalas (78:16:54)
«Jenter», Di Derre (62:06:39)
«Styggen på ryggen», OnkelP & De fjerne slektningene (59:02:28)
«Sett at vi sier det sånn», Bertine Zetlitz & Prepple Houmb (55:21:19)
«5 fine frøkner», Gabrielle (51:31:35)
«Den finaste eg veit», Hellbillies (49:54:30)
«Du fortenar ein som meg», Daniel Kvammen (48:54:48)
«Forelska i lærer’n», The Kids (44:10:41)
«Skyfri himmel», Bjørn Eidsvåg (41:51:24)
Kjelde: Gramo

LES FAKTALUKK FAKTA

«Riv i hjertet» av henningsværingen Sondre Justad blei spelt 1209 gonger på norsk radio i 2015, med ei samla speletid på 78 timar, 52 minutt og 19 sekund – til saman tre døgn og ein halv dag. Det gjer han til den mest spelte songen med norsk tekst, viser ei oversikt frå vederlagsbyrået Gramo.

Visste du at mange radiokanalar speler mest norsk musikk om natta? Finn ut kvifor her!

Heile 48 songar med engelsk tekst fekk gjekk meir på radio enn «Riv i hjertet», som altså er den einaste med norsk tekst på topp 50. Likevel er det ein annan norsk song som blei spelt oftare.

Allsongfavoritten «Pinne for landet» med drammensaren og den sjølverklærte festsjefen Freddy Kalas blei spelt heile 1727 gonger. Fordi songen er kortare, fekk han likevel 40 færre minutt på lufta enn «Riv i hjertet», og hamnar difor på 51. plass på topplista rangert etter samla speletid.

LES OGSÅ: Slik gjekk det då gutane på asylmottaket høyrte på "Grisen står og hyler"

Dei mest spelte songane med nynorsknær tekst er «Den finaste eg veit» med Hellbillies og «Du fortenar ein som meg» med Daniel Kvammen, begge med godt og vel to døgn speletid.

Norsk musikk har hatt ein kraftig vekst på spelelistene til NRK P3 dei siste tjue åra. Les meir om det her.

Songen som blei spelt aller mest, «Take Me to Church» av irske Hozier, gjekk til samanlikning på radioen i 252 timar, 42 minutt og 5 sekund, altså halvanna veke med speletid.

Kygo er ikkje uventa den norske artisten med desidert mest radiotid totalt. Meir sensasjonelt er det at han også dankar ut all internasjonal konkurranse. 24-åringen frå Fana fekk over hundre timar meir speletid enn både Taylor Swift og Rihanna, som tar opp andre- og tredjeplassen på lista. «Firestone» av Kygo er den tredje mest spelte songen på norsk radio totalt.

Les heile statistikken her (PDF, 4.83 MB)

Les også kvifor Musikernes fellesorganisasjon krev meir norsk musikk i NRK

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11
ANNONSE