Auka engasjement etter 22. juli

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– 22. juli blei ein vekkjar for dei som er unge i dag om at ein ikkje kan ta demokratiet for gitt.

Det seier Stian Seland, leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU).

Han fortel om ein samla vekst i ungdomsorganisasjonane, og særleg i ungdomspartia. Frå 2009 til 2015 har medlemstalet i ungdomspartia auka med 28 prosent, ifølgje tal som Framtida.no har henta inn frå ungdomspartia.

– Det skil seg frå trenden for vaksenpartia, som opplever nedgang i medlemstalet, påpeikar Seland.

Han viser òg til ein auke i valdeltakinga blant unge. Som i Europa elles, har valdeltakinga blant unge gått nedover. Men ved stortingsvalet i 2013 var det ein kraftig auke i valdeltakinga blant unge.

Ved lokalvalet i 2015 var valdeltakinga generelt låg, men valdeltakinga til 16- og 17-åringane som var med i eit forsøk med stemmerett var nesten like høgt som i 2011.

LES OGSÅ: Auke i valdeltakinga: – Media må vera forsiktige med å ta æra

– Etter 22. juli 2011, har dagens unge fått merkelappar som Generasjon alvor og Generasjon prestasjon. Korleis vil du skildra dagens unge generasjon?

– Eg har registrert at enkelte seier at dagens unge ikkje har eit samlande prosjekt slik andre har hatt. Men alle tidlegare ungdomsgenerasjonar har blitt tillagt sine prosjekt i ettertid. Viss det skal vera noko felles prosjekt for dagens ungdomsgenerasjon, som er den største gjennom tidene, så må det vera at det er dagens unge som må ta ansvar og løysa dei store spørsmåla i vår tid som fattigdom og klimaendringar.

KOMMENTAR: Høyr på Kongen – la ungdom få påverka

– Tener mest på heilskapleg politikk
Stian Seland peikar på at mange av ungdomspartia snakkar om innstrammingar i offentleg forbruk, til forskjell frå moderpartia.

– Det som skil ungdom frå alle andre aldersgrupper og andre organiserte grupper er at ungdom er best tent med eit heilskapleg og best mogleg samfunn.

– Må få sleppa til
– Ungdom er nøydde til å ta ansvar, men då er det viktig at ungdom får ta ansvar òg, understrekar Stian Seland. Han meiner det er på  tide at alle 16- og 17-åringar i Noreg får delta i val.

– Det er ein trend ein ser i fleire land i Europa. Seinast ved at 16-åringar har fått stemmerett ved lokalval i Estland og ved folkerøystinga i Skottland om dei skulle gå ut av Storbritannia.

Han synest det er gledeleg at fleire kommunar har opna folkerøystingane om kommunesamanslåing for 16-åringar.

LES OGSÅ: – Politikk blir mykje meir spennande og viktig når me får stemma

Medlemsorganisasjonane i LNU utgjer over 400.000 medlemmar under 26 år, frå alt frå speidarar og sundagsskule til ungdomsparti og interesseorganisasjonar.

Medlemmar under 26 år i ungdomsorganisasjonar (utanom ungdomsparti):

Kjelde: LNU

Talet på artiklar der ungdomparti er nemnd i norske medium (Atekst)

Faktaboks

• I 2009 hadde dei åtte største ungdomspartia til saman 21 439 medlemer
• I 2015 var det samla medlemstalet 27 489 (opp 28%)
• AUF har vakse mest, men også fleire av dei andre ungdomspartia har hatt stor vekst
• Andre ungdomsorganisasjonar utanom ungdomspartia har også hatt ein medlemsvekst på over 10 % frå 2009 til i dag

Medlemstal rapportert frå ungdomspartia 2015 (2009)

AUF: 14136 (9640)
FpU: 2028 (3031)
Grøn Ungdom: 658
KrFU: 1298 (1583)
Raud Ungdom: 503 (ca. 560)
Senterungdommen: 2044 (1029)
Sosialistisk Ungdom: 979 (2000)
Unge Høgre: 4262 (2796)
Unge Venstre: 1581 (800)