Tar Songfuglen til scenen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Der kvinnene styrer og menn er villdyr

Ei framsyning om Jesus og eit teaterstykke av Jon Fosse er to av hovudsatsingane til Det Norske Teatret til hausten.

Først ut er «Etterlyst Jesus», som har premiere på hovudscenen 27. august. Det er ei framsyning av Bjørn Eidsvåg. Han står sjølv på scenen saman med Svein Tindberg – og eit band.

– Det Norske Teatret har lenge sagt at vi ønskjer å vera ein arena for dei store samtalane og dei store spørsmåla i staden for smalltalk. Denne framsyninga føyer seg inn i denne kategorien, seier teatersjef Erik Ulfsby, som sjølv har regien for nyskapinga.

Han fortel at stykket dels er knytt til livsreisa til Bjørn Eidsvåg – og dels til den historiske personen Jesus. Målet er å prøva å finna ut kven Jesus eigentleg er.

– I framsyninga prøver vi å spola litt tilbake og finna ut kva vi faktisk veit og kva som er og blir påstandar. På ein eller annan måte skal det munna ut i kva eigenskapar vi treng i dag, seier teatersjefen.

Han legg til at framsyninga kjem til å innehalda mykje musikk med både nye og gamle låtar med Bjørn Eidsvåg.

Fosse for første gong
Store deler av hausten på Det Norske Teatret går også med til Jon Fosse. 15. oktober er det urpremiere på «Draum om hausten» på hovudscenen.

– Det er faktisk første gongen Det Norske Teatret spelar ein tekst av Jon Fosse på hovudscenen, og det er på tide, seier Ulfsby. Han minner om at Fosse er den nolevande dramatikaren som er mest spelt i heile verda.

«Draum om hausten» ei historie om kjærleik i ulike livsfasar. Sjølv meiner Ulfsby dette er det aller beste stykket til Fosse.

– Trine Wiggen skal setja den skjøre og vakre teksten til Fosse i scene, fortel han.

Parallelt med Fosse-framsyninga på hovudscenen, set teateret opp framsyninga «Draum om våren» på scene 3. Det ein komedie og ein leik med tittelen «Draum om hausten». Jon Fosse er namnet på ein av karakterane i stykket.

– Han er med som eit slags gissel for norsk næringsliv som skal til Kina for å betra relasjonane mellom dei to landa. Eg er heilt sikker på at det blir ein morosam kommentar både til Noreg i dag og til det hjelpelause forsøket til norsk næringsliv på å rydda opp i ulike relasjonar, seier Ulfsby.

Politisk teater
Teaterhausten på Det Norske Teatret byr også på ny dramatikk om fleire, andre samtidsaktuelle tema. Framsyningane tek opp alt frå dramatikaren nevrologi og løyndomane i hjernen til det aukande konkurranse- og prestasjonssamfunnet.

I framsyninga «Fridommens vegar» – som får preg av eit quiz-show – kan publikum sjølv få ein smakebit på korleis det heile tida kjennest å bli testa.

Det Norske Teatret er også først ute med å dramatisera romanen Songfuglen av Jan Roar Leikvoll, som døydde for snart to år sidan.

Til saman byr teaterhausten på teateret på fem urpremierar. I tillegg blir det 19. november premiere på barnemusikalen «Påfuglen» på hovudscenen. Musikalen er ein omarbeidd versjon av same framsyninga som fekk strålande kritikkar ved Trøndelag Teater i fjor og tematiserer den nye tida med menneske kjem til landet vårt frå andre stader. (©NPK)

Les meir teater-nytt her!