Banksjef vil tvinge vekk kontantar innan 2025

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – I Noreg bør vi vere kontantfrie innan 2025. Det er ikkje veldig ambisiøst ein gong, seier Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest til E24.no.

I dag er alle bedrifter lovpliktige til å ta imot kontantar som betaling, medan kortbetaling er valfritt. Det meiner Kjerpeseth bør vere stikk motsett. No spør banksjefen etter ei utgreiing frå regjeringshald om Noreg skal vere kontantfritt innan ti år.

– I eit land der statsministeren pratar om omstilling og vi treng å bli meir produktive, så er dette lågthengande frukt, meiner Kjerpeseth.

Finansdepartementet er førebels avventande til å setje i gang ei slik utgreiing. Til E24.no seier departementet at kontantar stadig har ein viss plass i samfunnet. (©NPK)

Les meir:

– Det er ein ganske tydeleg kjønnsforskjell i folket, seier forskar om norsk økonomikunnskap.

Inkassogjelda til unge nordmenn aukar. Forbrukarøkonom Silje Sandmæl meiner unge treng å læra meir om økonomi.