Festivalen har føtt søknadar frå land som Indonesia og New Zealand.

Joachim Kroken Åsebø
Joachim Kroken Åsebø

Saka er henta med velvilje frå Møre-Nytt

– Pågangen av artistar som vil til Bjørke har vore heilt utruleg. Totalt fekk 150 søknader frå band og artistar. Sjølv om søknadsfristen var 31. januar fekk vi dei siste søknadane for nokre veker sidan. Vi fekk søknader frå band i Indonesia og New Zealand som ville spele på Indiefjord i år, seier Indiefjord-sjel Silja Haddal Mork.

Laurdag og søndag vert den tredje utgåva av Indiefjord-festivalen arrangert. To dei føregåande utgåvene av festivalen har vore ein stor suksess, og det er mykje å gjere for arrangøren dei siste dagane før festivalopninga. For to år sidan hadde Haddal Mork ikkje trudd at så mange internasjonale artistar og band ville ønske seg til Bjørke for å ha konsertar.

– Det hadde eg aldri drøymt om, og eg hadde heller aldri drøymt om at lokalbefolkninga skulle stille opp i så stor grad som dei gjort for noko som eigentleg er sært. Indiefjord-festivalen var i utgangspunktet ein vennefestival, men indiepop er musikk som kan nå ut til mange. Miljøet internasjonalt er lite og tett, og banda og artistane reiser langt for å spele. Det er få festivalar for indiepop, men det er kjekt at vår festival er blant dei festivalane som miljøet ynskjer seg til. Som tidlegare år vert hovudscena kveldstid på Haukely. Fleire band frå Storbritannia tek turen til Bjørke til helga, og det er og innslag frå Norge, Italia, Kanada og Nederland.

Konserten i Notanaustet laurdag er blitt tradisjon på Indiefjord-festivalen. I år vert det og konsertar i Postkjellaren og i Hjørundfjord Vandreheim, i tillegg til utstilling og konsert i Bakketunet. Programmet for helga er fullpakka, og det vert og ein spesiell konsert i Storfjorden kyrkje med Eli Grimstad, Kjetil Grøtting og John Inge Leira Bjøringsøy.

– Dette i kom i stand etter at presten på Bjørke, Espen Aarseth, tok kontakt med oss med ein gang vi annonserte at vart festival i år. Aarseth stiller som lyd- og lysmann, og som billettør. Vi tykkjer det er veldig kjekt at soknerådet vil samarbeide, og vi har hatt lyst til å ha konsert i kyrkja lenge. Opphavleg skulle musikarane spele kvar for seg, men Grimstad har vore og øvd på Leira i fleire dagar og alle tre spelar saman i kyrkja. Dette blir ein veldig spesiell og magisk konsert for dei som tek turen, seier Haddal Mork.

Ei veke før Indiefjord-festivalen i fjor var arrangøren litt bekymra grunna dårleg billettsal, men dette endra seg drastisk dei siste dagane før festivalstart.

– Vi følte at vi kanskje hadde sikta litt høgt, men vi lukkast. I år har det vore veldig trykk på billettane. Det er få billettar att til det som skjer laurdag. Det er framleis billettar igjen til søndag, og det er minst like bra musikk denne dagen.

Les meir:

Festivalsesongen er godt i gang! Tidlegare i år vart verdas minste festival arrangert oppunder Lomseggen.

Om du startar sparinga no, kan du kanskje vera med på verdas dyraste festival neste år. Passet kostar éin million dollar.

Skal du på Øya i år? Slik får du ein nynorsk festival midt i Oslo!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE