4 av 10 kommunepolitikarar refser kommunereforma

Dei meiner regjeringa har gjort ein dårleg jobb i arbeidet med kommunereforma, viser ei fersk undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunereforma får refs av politikarane

1.660 kommunestyrerepresentantar frå til saman 351 kommunar deltok i undersøkinga gjort for Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

– Alle uansett parti klagar på prosessen. Det høyrer eg på reisene mine rundt i kommunane. Det store prosjektet til regjeringa er blitt ein flopp, seier stortingsrepresentant Heidi Greni (Sp), som meiner det einaste overraskingsmomentet er at ikkje fleire er misfornøgde.

– Regjeringa begynte i feil ende og endra skiljeveggene undervegs. Dersom dette skulle ha blitt ein vellykka reform, måtte oppgåvene komme først og strukturen etterpå, meiner Sp-politikaren.

Greni seier at dei fleste kommunane er fornøgde med strukturen og at regjeringa burde ha gitt lokalpolitikarane meir makt.

Paul Chaffey (H), statssekretær i Kommunaldepartementet meiner regjeringa har komme langt med reforma, men at det framleis står att ein del arbeid.

– At det oppstår usemje, diskusjonar og verserer ulike synspunkt på korleis det skal gjerast, er som forventa. Det er alltid mogleg å diskutere noko som kunne ha vore gjort annleis, føyer han til.

Han er fornøgd med at 52 prosent av politikarane i undersøkinga ønskjer at deira respektive kommunar skal slå seg saman med éin eller fleire nabokommunar. (©NPK)

Les meir:

Sju av ti kommunar har sagt nei til samanslåing. Men Jan Tore Sanner er positiv.

Senterpartipolitikar Jenny Klinge slaktar kommunereforma. Ho trur folk har forstått at alt ikkje blir betre berre det blir større.

Are Kalvø: No er det elleville dagar i kommune-Norge.