Ønsket frå Cameron er at den neste medlemmen frå Storbritannia skal ha ansvar for miljøpolitikk, skriv Politico. Dette har han tatt opp på telefon me mellom andre president i kommisjonen, Jean-Claude Juncker, ifølgje nettstaden.
Europakommisjonen er det utøvande organet i EU, og består av 28 kommissærar – ein frå kvart av medlemslanda. Nyleg melde Storbritannia seg ut av EU, eit val som har hatt dramatiske følgjer, men dei får inntil vidare ha eit medlem i kommisjonen.
Juncker har allereie gjort det klart at den neste briten i Europakommisjonen ikkje får ha noko med utmeldinga frå EU å gjera, skriv Politico. Truleg vil David Cameron foreslå den britiske ambassadøren i Frankrike, Julian King, til jobben – men det er Juncker som avgjer om han får jobba med klimapolitikk.
Les meir:
Storbritannia har vore mildt sagt kaotisk i tida etter Brexit. Her er ei slags oppsummering.
EU-topp: Brexit kan bety slutten på engelsk som offisielt språk i EU.